Fagstoff

Virus må inn i celler

Publisert: 13.10.2014, Oppdatert: 02.08.2017
HIV-virus fester seg til reseptorer på en T-lymfocytt (tegning)

Så lenge eit virus finst utanfor ei levande celle, har det ingen av dei funksjonane som kjenneteiknar ein levende organisme. Situasjonen blir raskt endra så snart virus kjem seg inn i ei celle. Alle typar organismar kan angripast av virus, men måten dette skjer på, varierer med type virus og dei vertscellene som blir angripne. Sidan ein slett ikkje kjenner alle typar virus, finst det nok fleire metodar enn dei vi kjenner i dag.

Tegning av virusreplikering i en celle.Herpesvirus. Lipidmembranen på viruset smeltar saman med membranen på vertscella slik at viruset blir tømt inn i cytoplasmaet. Nye virus blir omslutta av membranen til vertscella idet dei forlèt cella.

Binding til vertsceller

Virus angrip spesifikke celler fordi dei bind seg til bestemte reseptorar som hjelper viruset med å komme gjennom cellemembranen. Ingressbiletet viser hiv-virus som berre bind seg til reseptorar på T4-lymfocyttar.

Endocytose

Cella kan oppfatte viruspartikkelen som noko nyttig og tek han aktivt opp ved endocytose. Cellemembranen buktar seg inn og omsluttar viruspartikkelen. Deretter blir ei lita blære snørt av. Den transporterer viruspartikkelen inn i cella. Blæra kan så smelte saman med eit lysosom, slik at arvestoffet med proteinkapselen blir sleppt ut i cytoplasmaet.Tegning av virus som passerer cellemembranen ved endocytose.Virus blir teke opp i celler ved endocytose på fleire måtar.  

Tegning av bakteriofager som injiserer sitt DNA i en bakterie.Bakteriofagar sprøytar arvestoffet sitt inn i ein bakterie.  

En sort bladlus stikker en lang snabel inn i et blad.Ei bladlus som syg plantesaft, kan injisere virus i planten.

Membransammensmelting

Membranen som er ytst på somme virus, kan smelte saman med cellemembranen hos vertscella, slik at viruset kjem seg inn i cella. Tegning som viser hvordan virus entrer en celle i tre trinn.Membransammensmelting.Slik membransamansmelting er spesielt enkel når viruset er blitt sveipt inn i delar av membranen frå den cella viruset blei produsert i. Nye vertsceller vil da identifisere viruset som noko kjent frå eigen kropp.

Injisering

Ein tjukk cellevegg kan vere ein barriere mot virus. Hos plantar og sopp kjem viruset inn der det er skader, eller via insekt som injiserer viruset direkte i cella. Bakteriofagar lèt kapselen bli igjen utanfor og injiserer berre arvestoffet sitt gjennom celleveggen på bakteriar.


Influensa-angrep – virus invaderer kroppen

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald