Fagstoff

Virus

Publisert: 13.10.2014, Oppdatert: 05.03.2017
HIV-virus frigjøres fra cellemembranen hos en T-lymfocytt

Virus er arvestoff pakka inn i ei proteinkappe. Dei er like passive som sandkorn, heilt til dei kjem i kontakt med levande celler. Dei kan komme seg inn i celler og utnytte dei til å formere seg. Virus kan også ta opp arvestoff og flytte DNA-fragment mellom organismar. Virus aleine har ingen prosesser som vi forbinder med levande liv, så kan vi rekne dei som levande organismar?

Samanlikning av storleiken på virus, bakteriar og celler. Illustrasjon.Simulering: Samanlikn storleiken på celler, bakteriar og virus.    

 

Virus kan iikkje "drepast", sidan det ikkje har eit stoffskifte som kan stoppast, men virus kan øydeleggjast eller brytast ned.

 

 

Image showing the thumbnail for content named \"Virus\"Virus. 

 

 

Plansje med tegning av ulike virustyper.Virustypar.

 

 

Visste du at 5–8 % av det humane arvestoffet kjem frå virus? Kva har det hatt å seie for genetisk variasjon og evolusjon?

 

 

MIkroskopbilde av trådformet virus.Ebolavirus.

 

 

 

Spiralformede virus med proteinkappe.Teikning av spiralforma virus som tobakkmosaikkvirus.  

 

 

Virus – Khan Academy.

 

Er virus levende?

Virus liknar ingen organismar som vi reknar som levande. Dei tek ikkje inn næring, har ingen metabolisme, veks ikkje og kan ikkje røre på seg eller formere seg utan hjelp frå levande celler. Dei kan derimot reagere på omgjevnadene.

Mikroskopbilde.Bakteriofagar som angrip E.coli-bakterie.Når virus registrerer kontakt med celler, kan dei lure og utnytte den invaderte vertscella. Virus kan også evolvere (utvikle seg) ved å ta opp nytt arvestoff frå vertscellene sine, og dei må sjåast som vinnarar når det gjeld å få spreidd gena sine.

På ein måte kan vi seie at virus har stoffskifte og vekst (ved hjelp av vertscellene sine), og evne til reaksjon på omgjevnadene – berre på andre måtar enn andre organismar. Virus utfordrar derfor synet vårt på kva som er ”kriterium for liv”.

Oppbygging

Virus har ein enkel struktur, men likevel stor variasjon i form og strategiar. 5000 virustypar er genetisk kartlagde, men enno blir virus rekna som det største uutforska genetiske mangfaldet på jorda. Virus er minst av alle mikrobar: 20–450 nm (1 nanometer er 10-9 meter) og berre synlege i elektronmikroskop.

Nokre virus har proteinkappe og membran

Tegning av HIV-virus med navn.Prinsippteikning av hiv retrovirus. Virus er arvestoff omgjeve av ei proteinkappe (kapsid) som dannar ein symmetrisk struktur.
Mange virus har også ein vernande membran utanpå proteinkappa. Som hos dyreceller består membranen av eit dobbelt lag av lipidmolekyl (feittstoff) med innfelte glykoprotein. Det er membranen på vertscella som omgjev viruspartikkelen idet han forlèt cella.

I seinare tid har ein funne nokre enno mindre virus som blir kalla viroidar. Desse består berre av ei kort kjede med nukleotid og har ikkje proteinkappe.

Spesielle protein på overflata til viruset fungerer som festemekanismar slik at viruset kan binde seg til celler som skal angripast.

Arvestoffet

tegning av et virus hvor deler av kappa er gjennomsiktig slik at arvestoffet vises.Virus med 20-siders symmetrisk proteinkappe.Arvestoffet hos virus kan vere sirkulært eller lineært og bestå av DNA eller RNA. Hos virus kan både RNA og DNA vere enkelt- eller dobbelttråda. Mange virus har eit genom som berre består av fire til fem gen. Desse utgjer oppskrifta på proteinkappa og dei få enzyma som trengst for å lage kopi av arvestoffet. Andre virus har fleire hundre gen. Når virus formerer seg, får dei ofte med fragment av arvestoff frå vertscella og aukar dermed det genetiske mangfaldet sitt.

Nokre virus har også enzym som kan fungere som starthjelp når dei kjem inn i celler. Sidan retrovirusRetrovirus skil seg frå andre virus ved at dei har RNA som arvestoff og inneheld enzymet revers transkriptase (”baklengs omskrivningsenzym”).Når eit retrovirus går til åtak på ei celle, kjem RNA-et til viruset saman med transkriptasen inn i cytoplasmaet til cella. Transkriptasen set straks i gang med syntese av DNA, som er som ”eit spegelbilete” av RNA-et til viruset. Når virus-DNAet kjem inn i cellekjerna, vil det sørgje for syntese av nye virusdelar.Dei mest kjende retrovirus i humanmedisinen er humant immunsviktvirus (hiv) og humant T-celle-leukemivirus (HTLV)., som hiv-viruset, har RNA som arvestoff, må RNA setjast om til DNA før det kan koplast saman med DNA-et til vertscella. Retrovirus bringar derfor med seg enzymet revers transkriptase (”baklengs omskrivningsenzym”), som set RNA om til DNA i vertscella.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Aktuelt stoff for