Oppgåve: Arbeidsoppdrag

Oppgåve i stilhistorie

Publisert: 02.12.2014, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Layut vil seie korleis bilete og tekst er satt saman på for eksempel ein trykksak, -det handlar om komposisjon. Layout brukar ein mykje i grafisk design.

Stilhistorie kollasj

I denne oppgåva skal du bli kjent med ein periode i stilhistoria. Du skal lage ein «avisartikkel» som presentera denne perioden, og fokuset skal vere knytt mot yrker og materiale som kan koplast til design og handverk i dag. På sjølve artikkelen er det viktig å jobbe med layout sidan den skal innehalde bilete og tekst.

 

Arbeidsform: Individuell

Tid: Ca. 10 skuletimar

Teori: Stilhistorie


 

InspirasjonstavleInspirasjonstavle (layout)  

Tverrfagleg?

Dette er ei fin oppgåve, der ein kan samarbeide med fellesfaga engelsk og/ eller norsk.

 

Norsk: Skriftleg innhald

Engelsk: Oppsummering og munnleg presentasjon (kjem i tillegg)

 

Fagteori

Layout  

 

Arbeidsprosess

  1. Vel deg ein periode i Stilhistoria.
  2. Set deg inn i din valte periode; kva kjenneteiknar den? Er det yrker og materiale som du kan knyte til yrker innan design og handverk i dag?
  3. Lag nokre enkle skisser til layout på din «avisartikkel» (tenk spalter, symmetri, asymmetri og luft).
  4. Lag sjølve «avisartikkelen» på eit A3 ark i eit skriveprogram på data,- den skal ha ei hovudoverskrift, ei underoverskrift, «skrive av:», ein ingress, ein brødtekst og minimum tre bilete som er med på å understreke din periode i stilhistoria. (Kjelder kan ein sette inn som fotnote).

Vurdering

Kompetansemål:

  • Beskrive kultur- og handverkshistorie, tradisjonar, organisering og særpreg i nokre yrke innan design og handverk (vurderingskriterie)

Innlevering og vurdering av:

  • Skisse på layout
  • Ferdig «avisartikkel» av din valte stilperiode (innhald, layout og heilskap)
Relatert innhald

Oppgåve