Oppgåve

Forsøk: Kva skjer når eit stoff brenn?

Publisert: 28.05.2009, Oppdatert: 03.03.2017

Alle har vel sete og sett inn i eit kjertelys som brenn, og lete tankane flyge. I denne oppgåva skal du fokusere på lyset og på kva som skjer med det.

Et tent stearinlys. Foto.Kor vert det av lyset som brenn opp? 

Kva skjer med kjertelyset?

Når eit stearinlys brenn, så kan noko stearin renne ned på lysestaken. Om ein ser bort frå dei små kladdane som ligge att, så er hele lyset borte.

  • Kva er det eigentlig som skjer når et lys brenn ?
  • Kva for funksjon har veiken?
  • Kor vert det av stearinen?

Blir stålull tyngre eller lettare når den brenn?

Fin stålull. Foto.Stålull  

Fin stålull fatar lett eld, men korleis er vekta av det som vert att? Vert det tyngre eller lettare, eller veg det like mykje før og etter forbrenninga? Legg ein dott stålull på ei skål av porselen og sett det heile på ei nøyaktig elektronisk vekt før du tenner på.

 

  • Kva trur du vil skje?
  • Kva skjer?
  • Korleis forklarer du det som skjer?
Relatert innhald