Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjøpsroller

Det er viktig å vite kven som har kva roller for den som skal marknadsføre og selje produktet. Det hjelper ikkje å forsøkje å påverke den som kjem i butikken for å handle, dersom det er ein annan som legg premissane for valet, og som tek sjølve avgjerda.
Bilde av en bilselger som selger bil til et ungt par der kvinnen sitter inne i bilen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Kva roller er i aksjon – og kven har dei ulike rollene – når du skal kjøpe deg:

  • mobiltelefon
  • jeans
  • vintersko
  • ferietur
  • moped/scooter
  • sjokolade
  • kinobillett
  • frisørtime

Oppgåve 2

Kva roller er i aksjon, og kven har dei ulike rollene, når ein familie med mor, far og to tenåringsbarn skal kjøpe ny bil? Kva rolle – eller kva roller – har ektemannen som skal kjøpe ny dress?

Relatert innhald

Når det er større og dyre innkjøp som skal gjerast, er det ofte ikkje berre éin person involvert i kjøpsprosessen. Dei andre «speler» då ulike roller.

CC BY-SASkrive av Mette Holan og Hanne-Lisbet Løite.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2018

Læringsressursar

Kjøpsåtferd