Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurdering av alternativ

Oppgåva til seljaren i denne fasen - vurdering av alternativ - er å bruke den kunnskapen han eller ho har om kunden og behova til kunden til å gi kunden dei beste råda. Seljar må gi nok informasjon om dei alternative produkta for å gi kunden eit godt avgjerdsgrunnlag.
Samsungtelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Du er tilsett som seljar i ein sportsbutikk, og ein ny og ukjend kunde kjem inn i butikken. Dama fortel deg at ho treng ein ny sykkel. I butikken finst det syklar for alle moglege bruksområde og i alle prisklassar (frå eit par tusen kroner og opp til hundre tusen kroner). Korleis finn du ut kva informasjon du skal gi, og kva argument du skal bruke, for å selje dama ein svært god og kostbar sykkel? Kva må du finne ut om kunden og vurderingskriteria hennar?

Relatert innhald

Det er viktig å kjenne til kva vurderingskriterium kundane har. Kvar har til dømes pris, haldbarheit, tilgjenge og status å seie?

CC BY-SASkrive av Hanne-Lisbet Løite.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2018

Læringsressursar

Kjøpsåtferd