Fagstoff

Bakteriane sine ulike roller

Publisert: 21.07.2014, Oppdatert: 02.10.2017
Tegning "snille bakterier"

Når vi høyrer ordet bakteriar, tenkjer vi som oftast på sjukdom og elende. Men så enkelt er det ikkje. Bakteriane er svært viktige i mange samanhengar. Dei er uunnverlege både i naturen og i kroppen vår, og nyttige i mange industriprosessar, mellom anna til konservering av mat.

You are missing some Flash content that should appear here! Perhaps your browser cannot display it, or maybe it did not initialise correctly. Download player
Bakteriar til nytte og skade. 

Nitrogenet sitt krestløp. Illustrasjon.Bakteriane har ei heilt sentral rolle i omsetjinga av nitrogen. 

Bakterieknollar og nitrogenopptak (film frå feltarbeid). 

Melkesyrebakterier på en næringsgelMjølkesyrebakteriar er nyttige i næringsmiddelindustrien, og blir brukte som startkultur i produksjonen av til dømes ost og spekepølse. 

Menneskets anatomi - fordøyelsessystemetI og på kroppen har vi mange bakteriar. Dei fleste finst i tarmane. Somme er snille, medan andre er slemme. For å halde oss friske treng vi ein hær av snille bakteriar som kan slåst mot dei slemme. 

Genoverføring ved hjelp av plasmid. Illustrasjon.Overføring av gen mellom artar ved hjelp av plasmid frå bakteriar.  

Oljesøl på strand. Foto.Bakteriar kan nyttast til å reinse opp etter oljesøl. 

Stort renseanlegg med flere store kummer og siloer.Biologisk reinsing av kloakk. 

I naturen

Bakteriar finn vi over alt i naturen. Somme av dei kan framkalle sjukdom hos plantar og dyr ved at dei produserer giftstoff eller at dei angrip celler. Dei fleste bakteriane har likevel livsviktige oppgåver som er heilt nødvendige for at økosystema skal fungere. Som nedbrytarar lever bakteriane av daudt organisk materiale. Dei syter for at byggjesteinar kan brukast fleire gongar ved å gjere næringsstoff tilgjengelege for plantar. Utan bakteriar ville organisk avfall hope seg opp, og krinslaup ville stoppa utan denne resirkuleringa av nyttige byggjesteinar.

bakterieknoller hos orBakterieknollar hos or hjelper planten med nitrogenopptaket.Bakteriar er også viktige for å omdanne stoff i naturen til stoff som plantar kan nyttiggjere seg. Nitrogen er ein viktig byggjestein i alle levande organismar. Lufta rundt oss inneheld 78 prosent nitrogen (N2), men plantar og dyr kan ikkje utnytte nitrogengassen. Nitrogenet må bindast og omdannast til ammonium eller nitrat som plantar kan ta opp.

Nitrogenfikserande bakteriar lever i jord og i rotknollar hos mange plantar i erteblomfamilien og or (slektene Rhizobium og Frankia). Dei forsyner plantane med bunde nitrogen og får karbohydrat tilbake.

I industrien

Nærbilde av en ostDet er bakteriane som "gjer" osten.Yoghurt, ost, spekepølse, brød og øl er alle produkt som er framstilt eller konservert ved hjelp av bakteriar, og då særleg mjølkesyrebakteriar. Bakteriane er heilt nødvendige for å få fram produkt med kvaliteten ein ønskjer i form av konsistens, smak og viktige helsemessige faktorar.

Bakteriane kan òg inngå i produksjonen av ulike kjemiske stoff. Denne produksjonen er både billegare og meir miljøvenleg enn tradisjonell kjemisk industri. På avfallsplassar gjer bakteriane òg ein viktig jobb. Dei kan endre matavfall og husdyrgjødsel til biogass og biogjødsel.

Helse og miljø

Forsking viser at bakteriar er viktige både for ei sunn fordøying og ei sunn helse. Bakteriar i fordøyingssystemet vårt bryt ned mat vi ikkje kan bryte ned sjølve, dei hemmar veksten av skadelege bakteriar og dei kan produsere K-vitamin i tarmane.

Genteknologi

Biofabrikk som produserer insulinBakteriar kan masseprodusere ønskte protein.Bakteriar var dei første organismane som blei genmodifiserte. Genteknologien har gjort det mogeleg å setje nye gen inn i plasmid, og få bakteriar til å ta opp dei genmodifiserte plasmida. Når bakteriar med det nye plasmidet deler seg, får ein mange kopiar av det nye genet. Slike bakteriar kan dyrkast i store tankar der dei produserer det ønskte proteinet etter oppskrift frå det nye genet. Denne teknikken har vore viktig for legemiddelindustrien og blir mellom anna nytta til produksjon av insulin og antistoff til vaksinar.

Bruk av mikroorganismar i produksjonen har gitt reinare medisinar, og ein prosess som er både raskare og billegare enn tidlegare metodar.

Reinsing

Ein kan òg bruke bakteriar til å redusere forureining. Oljeetande bakteriar blir til dømes brukt til reinsing etter oljeutslepp. Dette har god effekt, men prosessen er svært tidkrevjande. Det har òg vist seg at somme naturlege jordbakteriar kan bryte ned miljøgifter som har hamna i naturen etter plantesprøyting. Dette har vidare blitt utnytta til å reinse vatn ved å tilsetje bakteriar til sandfiltera i reinseanlegg. Det er dette vi kallar biologisk reinsing, fordi det er bakteriane som gjer reinsejobben.

Illustrasjon av prosessene i et biorenseanlegg.Biogassanlegg. Her er det bakteriar som gjer foredlingsarbeidet. Vi finn tilsvarande reinsesystem i kloakkreinseanlegg. Hovudføremålet med biologisk reinsing av kloakk er å redusere nitrogen- og fosforinnhaldet, og å bryte ned dei organiske sambindingane.

Relatert innhald

Aktuelt stoff

Aktuelt stoff for