Hopp til innhald

Fagstoff

Miljøretta helsevern i barnehagar og skular

Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular har til formål å bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremmar helse, trivsel og gode forhold knytt til miljøet og det sosiale. Forskrifta skal òg bidra til å førebyggje sjukdom og skade.

Forskrifta om miljøretta helsevern seier at barnehagar og skular skal ha følgjande:

Internkontroll

Internkontrollen skal sjå til at reglane i barnehagelova og i forskrifta blir følgde. Kontrollen skal òg sjå til at barnehagen rettar seg etter eventuelle pålegg frå kommunen. Den øvste leiaren i barnehagen eller ved skulen er ansvarleg.

Internkontrollsystem

Systematiske tiltak skal sikre og dokumentere at aktivitetane blir utøvde i samsvar med krava. Desse tiltaka skal vere skrivne ned av leiinga i barnehagen eller ved skulen.

Forskrifta krev at barnehagen skal vere godkjend av kommunen før han blir teken i bruk. Byggjeplanar og planar om utvidingar skal òg godkjennast. I søknader om bygging og oppstart skal ein opplyse om kor mange barn verksemda er tenkt for.

Forskrifta krev vidare at verksemda skal vere «helsemessig tilfredsstillande». Det vil seie at barnehagen og skulen skal vere bygd og lagd til rette slik at barna kan trivast og vere trygge både inne og ute.

Det er kommunestyret som har det formelle ansvaret for å føre tilsyn med at reglane blir følgde. I praksis blir ansvaret delegert til kommunehelsetenesta.

Krav til det fysiske miljøet i barnehagar og skular

Forskrifta om miljøretta helsevern slår fast at alle barn har krav på eit godt fysisk miljø. Her er hovudpunkta:

Plassering, utforming og innreiing

Plassering

Barnehagar og skular må plasserast på stader der barna kjem til å trivast, og der dei er trygge. Tomta må gi rom for leik og turar, og terrenget bør passe til alderen og modnaden til barna. Det må ikkje vere fare for ras eller for at barn kan falle og skade seg alvorleg. Anlegget må vere skjerma frå vegar og trafikk, og det må ikkje vere utsett for luftforureining (støv), støy, radioaktiv gass (radon) eller elektromagnetiske felt (kraftlinjer).

Inne- og uteområda må gi barn og elevar rom for å utfalde seg fysisk. Difor bør det finnast areal og leikeutstyr nok til aktivitetar som gir rørsleglede, allsidig rørsleerfaring og høve til å bruke kropp og krefter året rundt.

Utforming og innreiing

Lokala og uteområda må utformast og innreiast slik at dei skaper trivsel og førebyggjer sjukdom og skade. Hørselshemma, synshemma, rørslehemma og psykisk utviklingshemma har same rett til tilgjenge til anlegget som barn med full funksjonsevne. Difor skal det takast omsyn til behova til barn med nedsett funksjonsevne.

Uteområda må vere utforma slik at barn kan leike der året rundt. I tillegg bør det finnast overbygde plassar der dei kan vere når det regnar eller snør. Skrentar og stup må sikrast.

Inneareala må vere enkle å halde ved like og å reingjere, og dei må kunne nyttast til varierte aktivitetar. Det må dessutan brukast materiale som ikkje gir frå seg fibrar eller flyktige gassar. Ubehandla betongflater gir for eksempel frå seg sementstøv, som kan føre til helseproblem.


Tryggleik, sikringsutstyr og helseberedskap

Tryggleik og helseberedskap

Barnehagar og skular skal planleggjast og drivast slik at ein kan førebyggje skadar og ulykker. Dersom uhellet først er ute, skal det finnast beredskapsplanar for korleis ein skal takle kriser, for eksempel brann, farlege gassutslepp eller naturkatastrofar.

Det bør òg finnast planar for sorg- eller traumearbeid når barn kjem ut for dødsfall eller andre alvorlege situasjonar.

Barnehagen og skulen skal utarbeide rutinar for sikringsarbeidet, for eksempel evakueringsprosedyrar. Alle tilsette skal vere kjende med rutinane og vere oppdaterte på dei. Også barna skal vere kjende med dei som er nødvendige.

Ikkje minst er det viktig å gi elementær trafikkopplæring. Det bør vere ein del av undervisninga allereie for dei minste. Mange ulykker skjer i samband med sykling. Difor bør barn under tolv år normalt ikkje sykle til skulen.

Sikringsutstyr

Barnehagar og skular skal ha brannsikringsutstyr. Utstyret må prøvast jamleg, og det bør haldast brannøving minst to gonger i året. Personalet bør få opplæring i bruk av sløkkingsutstyr.

Til brannvernutstyret høyrer òg seriekopla røykvarslarar og tydeleg merking av rømmingsvegar.

I barnehagane bør det finnast komfyrsikring i form av kasserollevern og steikeomnsdør med låg overflatetemperatur. Stikkontaktar må vere barnesikra, og panelomnar skal ikkje bli så varme at barn kan brenne seg på dei.

Trapper bør sikrast og bokreolar festast til veggen. Kjemikaliar, legemiddel og skarpe eller spisse gjenstandar må oppbevarast på ein sikker stad, for eksempel i eit låsbart skap.

Anna sikringsutstyr kan vere sklisikring i trapper og på golv, skåldesperrer på blandebatteri i vaskar og dusjar og sikring av vindauge og dører (også klemsikring).

Førstehjelp

Barnehagar og skular skal ha nok førstehjelpsutstyr. Leiinga skal sikre at alle tilsette veit kvar utstyret er oppbevart, og korleis ein gir førstehjelp. Nødnummer bør vere slådde opp ved alle faste telefonar.


Smittevern, inneklima og luftkvalitet

Smittevern

Det er viktig at barnehagar og skular blir planlagde og drivne slik at risikoen for å spreie smittsame sjukdommar er så liten som råd. Smittevern har med reinhald, sanitære forhold og avfallshandtering å gjere. Opphaldsromma skal vere reine, det same skal leikeapparat utandørs, og sanden i sandkassane må skiftast ut med jamne mellomrom. God handhygiene er ein av dei aller viktigaste reglane for å førebyggje smittsame sjukdommar.

Særleg dagmammaer og barnehagepersonale bør vere merksame på slike sjukdommar, for barnehagen er ofte ein arena for vidare smitte. Det er fornuftig å gjere seg kjend med ein del av dei vanlegaste symptoma og raskt ta kontakt med helsetenesta eller kommunen om ein får mistanke om ein smittsam sjukdom.

Røyking

Det er skadeleg å innta nikotinhaldige varer. Også passiv røyking er skadeleg. Derfor er det forbode å røykje innandørs i barnehagar og på skular.

Inneklima og luftkvalitet

Lokala skal ha frisk luft. Temperatur og ventilasjon må justerast etter årstidene og etter korleis lokala blir brukte. Om vinteren bør ikkje temperaturen innandørs kome over 22 grader celsius. «Gammal» luft må kunne fjernast effektivt. Det skal ikkje vere fukt som kan føre til mugg i romma.

Kopimaskinar, skrivarar og telefaksar bør stå i eige rom slik at ein unngår papirstøv, støy og avgassing.

Lys

Lokala og uteområda i barnehagar og skular skal ha naturleg eller kunstig lys. Lyset skal vere så godt at ein ikkje overbelastar synet, og lyset må gi minimal blending.

Lydforhold

Det skal ikkje vere for mykje støy, verken innandørs eller utandørs. Dei vanlegaste støykjeldene er vegtrafikk, industri og flyl. Forsking viser at støy er eit aukande helseproblem i samfunnet vårt. Støy forstyrrar konsentrasjons- og yteevna og kan dermed forseinke læringa sjølv om støyen ikkje er så høg at han skader hørsla.

Drikkevatn

Barnehagar og skular skal vere forsynte med godt og reint drikkevatn.

Sanitære forhold

Det skal finnast mange nok toalett og vaskar. Sanitære anlegg skal ha god hygienisk utforming, kapasitet og standard.

Utfordringar til deg

    1. Kva er internkontroll og internkontrollsystem?
    2. På kva måtar må ein barnehage godkjennast før han kan bli teken i bruk?
    3. Kva for krav blir stilte til lokalisering?
    4. Kva betyr det at «tomta må gi rom for leik og turar, og terrenget bør passe til alderen og modningsnivået hos barna»?
    5. Kva for krav blir stilte til utforming og innreiing?
    6. Kva er ein beredskapsplan for kriser? Finn ut om skulen din har slike planar, og be om å få sjå ein slik plan.
    7. Finn ut korleis skular og barnehagar i nærområdet ditt gir trafikkopplæring til barna.
    8. Kva for krav blir stilte til brannvern?
    9. Kva for krav blir stilte til førstehjelpsutstyr, og kor ofte bør dei tilsette bli kursa i førstehjelp?
    10. Kva for krav blir stilte til smittevern?
    11. Kva seier forskrifta om røyking?
    12. Lag spørsmål til forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skule, og intervju tilsette i barnehagar og skular for å finne ut korleis dei jobbar med dei ulike punkta i forskrifta.

      Relatert innhald

      CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
      Sist fagleg oppdatert 04.07.2018

      Læringsressursar

      Lov- og regelverk