Fagstoff

Nyttige adresser når du jobbar med tryggleik

Publisert: 10.06.2009, Oppdatert: 03.03.2017
Tryggingsutstyr

Tryggleik er eit stort og spennande område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det.

Du vil finne mengder med fagstoff dersom du søkjer på nettet, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst.

Gutt som jobbar med PC. Illustrasjon.Niels Henrik jobbar med pc   

Som barne- og ungdomsarbeider skal du holde deg faglig oppdatert. Det betyr at du må følge med slik at du får med deg de endringer som skjer til enhver tid.

 

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Dokumentasjonsplikt 

Her finn du nokre nyttige adresser. Nokre av adressene har innlogging til delar av sidene sine, men er opne på andre delar.
Du finn lenkjer til alle adressene i lenkjesamlinga.

Skadeforebyggende forum
Skadeforebyggende Forum er eit nasjonalt kunnskaps-, samarbeids- og formidlingsforum for offentlege organ, frivillige organisasjonar og næringslivet, som skal fremme det skade­føre­byg­gjande arbeidet i Noreg. (Kjelde: Skadeforebyggende Forum)

Ungdom og fritid 
Ungdom og Fritid blei stifta i 1978 og er ein demokratisk barne- og ungdomsorganisasjon for brukarar, tilsette og frivillige i kommunale og kommunalt støtta fritidsklubbar, ungdomshus og liknande tiltak. Nærmare 600 fritidsklubbar, ungdomshus, fritidssenter, aktivitetshus og liknande tiltak over heile landet frå Nordkapp til Lindesnes er medlemmer i foreininga.

(Kjelde: Ungogfri.no)

Arbeidstilsynet  
Arbeidstilsynet er ein statleg etat som er underlagd Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oppgåvene til etaten er å føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i arbeidsmiljølova. (Kjelde: Arbeidstilsynet.no)

Statens forurensningstilsyn 
Statens forurensningstilsyn (SFT) er eit direktorat under Miljøverndepartementet med 300 tilsette på Helsfyr i Oslo. SFT arbeider for ei forureiningsfri framtid. Dei set i verk forureiningspolitikken og er vegvisar, vaktar og forvaltar for eit betre miljø. Dei viktigaste arbeidsområda er klima, miljøgifter, vatn og hav, avfall, luft og støy. (Kjelde: stf.no)

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Dei skal vere pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dei skal syte for god beredskap og effektiv ulykkes- og krisehandtering. Nettstaden har eigne sider for skulen. (Kjelde: dsb.no)

Norsk brannvernforening  
Her finn du mykje informasjon om brannvern og eigne faner om brannvern i jobb og skule.

Helsedirektoratet
Her kan du finne mykje godt fagstoff ved å søkje på helse og miljø eller på tryggleik.

Norsk forum for bedre innemiljø for barn 
Målet for forumet er å vere rådgivande organ for styresmakter, organisasjonar og andre som ønskjer fagleg informasjon, råd og rettleiing i arbeidet med å betre innemiljøet for barn. Ei særleg viktig målgruppe for dette er kommunane, sidan dei har ansvaret for å skape og halde ved like gode innemiljø for barn i barnehagar og skular. (Kjelde: NFBIB)

 

Trygg Trafikk
Nettstaden har ei rekkje nyttige oppslag for deg som jobbar med barn og unge.

Gjer deg kjend på nettstadene over og noter ned adresser til andre gode nettstader du finn.