Hopp til innhald

Fagstoff

Novellesjangeren

Novella er ei forholdsvis kort forteljing. Ho skildrar gjerne ei enkelthending eller små klipp frå livshistoria til ein person.
Nærbilde av irritert, men rolig jente som ser på en mann og måler han med blikket. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ei novelle?

Novella er ei forholdsvis kort forteljing. Ho skildrar gjerne ei enkelthending eller små klipp frå livshistoria til ein person. Handlinga i ei novelle spenner til vanleg over eit kort tidsrom, og det er få personar med. I novella kan mykje vere berre antyda. Novella har dessutan ofte ein overraskande slutt.

Det usagde gir rom for fantasien

Fordi novella skal vere kort, må forfattaren velje bort alle hendingar og detaljar som ikkje er strengt nødvendige. Kvar opplysning som står igjen, blir dermed tilsvarande meir mangtydig. I tillegg vekkjer nettopp det usagde nyfikna vår, og vi blir sogne inn i historia fordi ho inviterer oss til å dikte med.

På sporet av ordet

Ordet novelle kjem frå italiensk og tyder "nyhende".

På 1200-talet blei omgrepet novelle for første gong brukt om forteljingar. Noveller var då korte, populære forteljingar om hendingar frå røynda.

Konflikt og løysing

Som personane i andre typar forteljingar, opplever også hovudpersonen i novella eit problem eller ein konflikt. I mange noveller byggjer spenninga seg opp mot eit toppunkt på slutten. Dette høgdepunktet er ofte samtidig eit vendepunkt der konflikten eller problemet får ei overraskande og uventa løysing.

Men ikkje alle novelleforfattarane følgjer dette tradisjonelle mønsteret når dei skriv. Vi finn ikkje alltid ein klar spenningskurve, kanskje vi berre får presentert ein konflikt som ulmar under overflata og som ikkje kan finne noka løysing i det heile. Forfattaren kan også la slutten vere open slik at lesaren sjølv må tenkje seg kva for ein utgang handlinga vil få.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019

Læringsressursar

Episk dikting