Fagstoff

Nyttige adresser når du arbeider med førstehjelp

Publisert: 12.10.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Førstehjelp

I lenkjesamlinga finn du lenkjer til nokre av dei nettstadene du kan få bruk for når du skal arbeide med førstehjelp. Førstehjelp er eit stort og spennande område som du kan bruke mykje tid på å fordjupe deg i dersom du ønskjer det.

Du vil finne mengder med fagstoff dersom du søkjer på nettet, men hugs å vere kritisk til det du finn, for det er ikkje alt som er like seriøst. Her finn du nokre nyttige adresser:

Gutt som jobbar med PC. Illustrasjon.Niels Henrik jobbar med pc 

 

Vi får stadig ny kunnskap om kva som er den beste førstehjelpa. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du halde deg fagleg oppdatert. Det betyr at du må følgje med slik at du får med deg dei endringane som skjer.

 

Teikning av gut som skriv. Illustrasjon.Å søkje informasjon 

Førstehjelp
Her finn du informasjon om generell førstehjelp.

Helsedirektoratet

På sidene til Helsedirektoratet finn du giftinformasjon som gir deg hjelp og råd ved forgiftingar og forgiftingsfare. Her får du vite kva som er giftig, kva symptom ein får, og kva behandling som er nødvendig.

Skolenettet.no Førstehjelp
Her finn du nyttig stoff om førstehjelp. Fagstoffet er knytt opp mot kompetansemål i læreplanen for Kroppsøving Vg1, men er like aktuelt for deg.

Norsk Luftambulanse.

Ved å velje fana som heiter «Førstehjelp» vil du finne mykje bra fagstoff. Der kan du også finne ei eiga fane som heiter «Lær barna førstehjelp».

Pasienthåndboken
Ved å søkje på temaet førstehjelp vil du her få ei forklaring på kva som er riktig førstehjelp i ei rekkje situasjonar.

Lista er ikkje fullstendig, og du kan sikkert finne mykje bra om førstehjelp på andre nettstader.

Gjer deg kjend med nettstadene over og noter ned adresser på andre gode nettstader du finn.