Hopp til innhald

Fagstoff

Trafikkulykker

Barn og unge i alle aldrar blir utsette for trafikkulykker, og aldersgruppa 15–19 år er mest utsett. Utfallet av ei trafikkulykke kan vere alt frå eit skrubbsår til skadar med døden til følgje.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når barnegruppa oppheld seg i eller ved ein trafikkert veg, krev dette spesiell merksemd frå deg. Barn har ikkje den same evna til å vurdere trafikkbiletet som vaksne har.

Når vi snakkar om trafikkulykker der barn og ungdom er involverte, er dette eit stort og omfattande område som omfattar blant anna

  • barn som ikkje blir sikra i bil og dermed blir skadde
  • barn som blir skadde medan dei går, leikar, syklar eller akar i eller ut i vegbanen
  • skadar med moped og motorsykkel
  • skadar med scooter
  • skadar som passasjer i bil


På skadestedet

Pasientvurdering

Skadar kan vere

  • brot
    • deriblant også i ryggen og nakken
  • blødingar
    • ytre blødingar
    • indre blødingar
  • medvitsløyse
  • manglande pust
  • ulike typar sår
  • hovudskadar
  • nedkjøling


Førstehjelp

Det er viktig å halde personen varm medan du ventar på hjelp.

Førstehjelp ved desse skadane kan du repetere på Vg1 Helse- og oppvekstfag eller ved å sjå på lenkjene i lenkjesamlinga.

Kunnskapar om korleis du skal opptre dersom du kjem først til skadestaden, og korleis du roar ned barn som har sett ei trafikkulykke, er også viktige.

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Trafikkulykker"
  1. Gjer deg kjend med sidene til Trygg Trafikk.
  2. Gå gjennom dei skadane som kan skje i samband med trafikk og sjå om du kan riktig førstehjelp ved desse skadane.
  3. Kva for eit telefonnummer ringjer du etter ei ulykke?
  4. Kva seier du når du ringjer 113?
  5. Kva er forskjellen på eit ope og eit lukka brot?
  6. I kva situasjonar kan barn og unge komme ut for trafikkulykker?
  7. Kva er riktig førstehjelp dersom du kjem først til ein ulykkesstad?
  8. Lag ein tabell som viser kva typar skadar som kan oppstå i ei trafikkulykke. Ta utgangspunkt i nokre av situasjonane under:
    • når barn skal brungast til eller hentast i barnehagen
    • når barn og unge går langs vegen
    • når barn og unge syklar eller akar
    • når ein kjører moped, scooter, motorsykkel og liknande
    • når ein er førar eller passasjer i bil
    • når barn i barnehagen kjem ut i vegen
  9. Sjå filmane om førstehjelp og ta notat.


Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2017

Læringsressursar

Førstehjelp for barne- og ungdomsarbeideren