Fagstoff

Dei ytre strukturane til bakteriar

Publisert: 23.06.2014, Oppdatert: 28.07.2017
Salmonellabakteria – tegnet

Bakteriar er prokaryote og enklare bygd enn eukaryote celler, men mangfaldet av former og levesett er stort. Dei fleste bakteriane er eincella, men somme dannar koloniar der cellene samarbeider om einskilde oppgåver. Bakteriar har cellevegg (få unnatak), men ingen har organellar med membran rundt, og DNAet ligg nake i cytosol.

E. coli hører med i den naturlige tarmfloraen der den bidrar i fordøyelsen hos mennesker og andre dyr. Colibakterier kan også prEscherichia coli (E. coli). Bakterien er teikna med gul kapsel, gule flagellar og trådforma utvekstar, raud cellevegg, grøn membran, lyseblå ribosom og blått DNA. 

 

Nærbilde av cellevegg hos bakterie.Gram-negative bakteriecelleveggar har ein ytre og ein indre membran, med transportprotein (grøne). Desse er skilde av eit tynt lag med peptidoglykan. Overflata på den ytre membranen består av lipid og karbohydrat (utvekstar). 

Celleveggen til bakterien

Bakteriar har ein cellevegg som ligg rundt cellemembranen og stabiliserer fasongen til bakterien. Veggen si evne til å stå i mot trykket i cella hindrar bakterien i å sprekke, når mengda oppløyste stoff gjer at det osmotiske trykket blir høgt. Til dømes kan Escherichia coli ha eit trykk på 2 atmosfærar.

Celleveggen hos bakteriar er hovudsakleg bygd opp av peptidoglykan, og er heilt ulik celleveggane hos plantar og sopp. Peptidoglykan finst i over 100 variantar, men består alltid av to karbohydrat kryssbunde til aminosyrer.

Nærbilde av bakteriecellevegg med tykt lag av peptidoglykan.Gram-positiv bakteriell cellevegg består av eit tjukt lag med peptidoglykanar. Under ligg cellemembranen med transportprotein (grøne). Den ytre overflata er ofte eit proteingitter (grøne kuler) og gjerne eit karbohydrathaldig slimlag.For at dei små bakteriane skal bli lettare å studere i mikroskop, er det vanleg å farge dei med ulike metodar. Fargen er òg til hjelp i klassifiseringa.

Bakteriar kan delast inn i to hovudgrupper, Gram-positive (G+) og Gram-negative (G-), etter om dei let seg farge ved ein metode som blei skildra i 1884.

Gram-positive bakteriar har cellevegg med eitt tjukt lag av peptidoglykanar som tek til seg farge. Celleveggen til gram-negative bakteriar er komplisert bygd med fleire lag, og let seg ikkje farge like lett.

Snitt gjennom cellevegg hos to typer bakterier.  

En tegnet kjede av bakterier i et slimlag.Streptokokkar (gram-positive). Det gel-liknande slimlaget som omgir bakteriane, vernar patogene stammar mot immunsystemet. Desse kan vere årsak til sår hals, betennelse i mandlane, skarlaksfeber og sårinfeksjonar. 

 

Salmonellabakteriar rører på seg ved hjelp av flimmerhår.  

 

Tegning av to bakterier som utveksler arvestoff.Bakteriell konjugasjon. Desse bakteriane har både festetrådar (fimbriar) og sexpilus. 

Slimkapsel

Bakteriar har ofte ein karbohydrathaldig slimkapsel rundt seg, som blir skild ut av celleveggen. Kapselen vernar bakterien mot omgivnadene, mellom anna fordi cellene til immunforsvaret ikkje kjenner att bakterien gjennom slimlaget.

Flageller

Somme bakteriar kan røre seg ved å gli på faste underlag og ved gassbobler i væsker, men den vanlegaste rørslemåten er ved hjelp av flagellar (svingtrådar).
tegning av fire måter flageller kan være festet på.Talet på og plasseringa av flagellane er karakteristisk for bakteriearten.Bakterieflagellane er tynnare og enklare bygd enn dei som finst hos eukaryotar, men er den mest kompliserte av organellane hos bakteriar. Flagellane er spiralforma og består av proteinet flagellin. Festa gjennom vegg og membran syter for ei roterande rørsle.

Stavforma og spiralforma bakteriar kan ha flagellar som er fleire gongar lengre enn organismen, og gjer dei i stand til å symje ein avstand som er mange gongar lengda på bakterien per sekund. Evna til rørsle gjer det lettare å overleve, fordi det gjer bakteriane i stand til å flytte seg mot gunstigare miljø.

Trådforma utvekstar

Mange bakteriar har hårliknande strukturar (fimbriar) på overflata si. Nokre av desse hjelper bakterien med å feste seg til overflata på celler, slik at dei kan starte ein infeksjon.

Andre utvekstar er dei røyrforma sexpilus som blir brukt til å overføre arvestoff mellom bakteriar ved konjugasjon.