Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presentasjon av heimstaden din

For å forstå kva rolle reiselivet speler, kan det vere greitt å ta utgangspunkt i heimstaden. Dei fleste er glade i heimstaden sin og har noko dei er stolte av å vise tilreisande. Kva er attraktivt på heimstaden din? Kva kan du tenkje deg å vise fram? Kor godt kjend er du i din eigen kommune?
Fjell
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Forklar vegen til ein eller fleire attraksjonar i kommunen din. Forklar óg korleis ein skal kome seg dit.
  2. Tenk deg at du får besøk av ein jamaldring som ikkje har vore på heimstaden din før. Lag ein kort presentasjon av heimstaden og kommunen. Legg gjerne presentasjonen ut på Internett, til dømes på Facebook, ein blogg, på Wikipedia eller nettstaden www.viddi.no.

Relatert innhald

Kva meiner vi med reiseliv? Reiseliv er det livet vi lever når vi er på reise. Her skal vi sjå kva vi meiner med reiseliv og turisme.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Reiseliv