Fagstoff

Prokaryote organismar – bakteriar

Publisert: 18.06.2014, Oppdatert: 03.08.2017
Prokaryoter: arkebakterier og eubakterier

Prokaryote organismar er dei mest talrike på jorda, og dei finst i alle miljø. Sjølv om dei er svært små, er den samla biomassen til prokaryotane antakeleg større enn for eukaryotane. Bakteriane si evne til tilpassing, den hyppige utvekslinga av gen og den raske formeiringa ved gunstige forhold, er viktige årsaker til suksessen deira. Prokaryote celler spelar viktige roller i alle krinslaup og i kroppen vår, men somme er årsak til sjukdom.

Flere typer bakterier i jord.Bakteriar i ein komposthaug. Ei skei med jord inneheld omtrent 10 milliardar bakteriar, og det er om lag ein million bakterieceller i ein milliliter ferskt vatn. Dei fleste bakteriane er livsviktige for krinslaup i naturen ved at dei gjer næringsstoff tilgjengelege for andre organismar, og hindrar at daudt materiale hopar seg opp. 

Tegning av ulike bakterieformer: runde avlange, spiralgormede og flere i rekke og i en klump.Bakteriar kan ein mellom anna sortere etter utsjånad. Her er eit utval av nokre vanlege former. 

Røde runde bakterier.Varmeelskande arkebakteriar har eit enzym som kan fungere opp til 135 grader celsius. 

Rustrød bekk mellom steiner.Syreelskande arkebakteriar i Rio Tinto (Spania) fargar vatnet raudt.

Bakteriar

Tre domener: Eubakterier, Arkebakterier og Eukaryoter. Prokaryotane er eincella organismar utan cellekjerne. Vi finn prokaryote mikroorganismar i to av livet sine tre domene: eubakteriar og arkar.

Bakteriar finst i store mengder over alt i naturen; i jord og vatn, på hud, slimhinner og i fordøyingskanalar hjå dyr. Det er skildra over 10 000 artar som ein deler inn i slekter, familiar og ordenar, men mange er framleis ukjende.
Illustrasjon av utallige bakterier  i rekke på en millimeter.Dersom ein kunne leggje bakteriar etter kvarandre, ville det ha vore plass til mellom 500 og 4000 etter kvarandre på ein millimeter.Bakteriar er svært små organismar med ein breidde som varierer frå 0,25 til 2 μm og ei lengde frå om lag 1 til 3–400 μm (1 μm = 0,001 mm).

Eubakteriar – ekte bakteriar

Eubakteriar (ekte bakteriar) er det eldste og mest mangfaldige av alle domene. Fossil viser at dei ekte bakteriane fanst på jorda allereie for 3,5 milliardar år sidan. Eubakteriane har ribosom som er mindre enn ribosoma hjå arkar og eukaryotar. Dette kan tyde på at arkane kom seinare.
Eubakteriar finst omtrent over alt. Dei aller fleste av dei er nyttige eller harmlause, men somme er årsak til sjukdom.

Bakterievekst etter håndavtrykk på agar.  I og på ein menneskekropp er det om lag 10 gongar fleire bakterieceller enn menneskeceller, men sidan dei er så små, utgjer dei kanskje ikkje meir enn 2–3 kg for ein vaksen person.

 

Arkar – urbakteriar (ekstremofile bakteriar)

Arkebakteriar er mikroskopiske eincella prokaryote organismar. Dei er svært like eubakteriane når vi ser på dei i mikroskop, men dei er både genetisk og biokjemisk ulike frå eubakteriane, og liknar meir på eukaryotar.

Grunnen til at dei blir kalla for «arke» (gresk – gamalt) eller urbakteriar, er at dei lever i ekstreme miljø, som kan minne om tilstandane tidleg i jorda si historie. Ein trudde tidlegare at desse var dei første organismane på jorda.

Nærbilde av cellevegg.Celleveggen hos arkebakteriar er bygd på en annan måte enn hos eubakteriar. Den inneheld strukturar som vernar mot ekstreme miljø.Arkane finst hovudsakleg der andre organismar ikkje greier å leve. Vatn med svært høgt saltinnhald, varme kjelder, oljereservoar og inne i fjell, er døme på ekstreme habitat der det finst arkar. Mange arkebakteriar, som dei metanproduserande som lever i myrar og i tarmane hjå dyr, verken treng eller toler oksygen.

Arkane er oftast kjemotrofe og difor uavhengige av sollys og livet på jordoverflata. Det finst ikkje sjukdomsframkallande arkebakteriar, og ingen av dei er kjende for å vere giftige.

I følgjande sider blir det lagt mest vekt på eubakteriar med tanke på oppbygging, formeiring og roller i og rundt oss.

Relatert innhald