Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordelar og ulempar ved transportformer

For ein transportkjøpar er det nødvendig å kjenne til fordelane og ulempene med dei ulike transportformene. Her får du gjere greie for det.

Oppgåve

Gjer greie for fordelane og ulempene med dei ulike transportformene:

  1. vegtransport

  2. jernbanetransport

  3. sjøtransport

  4. lufttransport

Tips

Del klassen inn i fire grupper. Gruppene vel kvar si transportform og lagar ei oversikt over fordelar og ulemper som dei presenterer i klassen.

Eit alternativ til presentasjon i klassen er å danne fire nye grupper som er sette saman av éin (eventuelt to dersom talet ikkje går opp) medlem frå kvar av dei opphavlege gruppene, som så presenterer fordelane og ulempene med si transportform i den nye gruppa.

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2018

Læringsressursar

Transportnettverket