Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fraktdokumentasjon frå Oslo til Lyon

Når du skal utføre ein transport, er det viktig å vite kva dokument som skal følgje transporten. Det kan oppstå problem og forseinkingar dersom du ikkje har dei riktige dokumenta i ein eventuell kontroll.

Du transporterer ein last fisk frå Oslo til Lyon i Frankrike. Etter å ha levert lasten i Frankrike skal du køyre over grensa til Tyskland, der du skal laste opp ein last som skal leverast i Hamburg, som er nord i Tyskland. Her skal du også laste pallar med syre som skal til Noreg.

Kva for dokument som gjeld lasten og bilen, må du ha for denne turen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 30.12.2018

Læringsressursar

Godshandtering og passasjerbehandling på terminalar