Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skitur til Lillehammer

Oppgåvene er utdrag frå ei eksamensoppgåve og tek for seg sentrale tema som planlegging av transportoppdrag og førstehjelp.

Oppgåve 1

Du arbeider for eit busselskap i Bergen og har fått i oppdrag å arrangere ein tur med 40 ungdommar som skal frå Knarvik til Lillehammer for å stå på ski. Avreisedagen er 2. mars 2013. Du sjekkar vegmeldingane i vedlegget Redusert vegliste.

Filer

  1. Kva busstype vil du velje? Grunngi svaret.
  2. Lag ei reiserute.
  3. Kor lang tid reknar du med at de vil bruke på denne turen? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

  1. I Indre Arna er det ein personbil som ikkje overheld vikeplikta i rundkøyringa mot Arnanipatunnelen på E16, og køyrer inn i sida på bussen. Korleis vil du sikre skadestaden?
  2. Sjåføren i personbilen sit fastklemd, og klagar over smerter i nakken. Kva slags førstehjelp vil de gi han?
  3. Demonstrer på ei førstehjelpsdokke korleis de vil utføre hjarte- og lungeredning.
  4. Gå saman i par og fyll ut skademeldingsskjema. I rubrikken Personlege opplysningar er ein av dykk sjåfør A, den andre sjåfør B.
CC BY-SASkrive av Jens M. Bernssen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Tverrfaglege programfagsoppgåver