Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lokal skriftleg privatisteksamen i bransjeteknikk

Ein privatist skal opp til ein skriftleg eksamen i kvart av programfaga. Dette er eit eksempel på ein lokalgitt eksamen i faget bransjeteknikk.
Foto av ein elektrisk truck som køyrer mellom varehyller.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksamensoppgåve

Du er tilsett i ei bedrift som handterer gods av ulik utføring og innhald, og med moderne hjelpemiddel som truck og løftebord.

  1. Kva bør inngå i den daglege kontrollen av ein truck?
  2. I det daglege arbeidet ditt tek du imot gods/varer som er merkte med ulike symbol og merke. Gjer greie for dei ulike dokumenta, symbola og faresetlane som kan følgje med dei ulike vareslaga.
  3. Du får i oppdrag å organisere innhenting av 3 pallar med miljøbensin. Bensinen er i kanner à 25 liter, og det er 20 kanner på kvar pall. Gjer greie for korleis du vil handtere dette oppdraget.
  4. På lageret oppstår det ei uønskt hending med personskade. Korleis vil du handtere ein slik situasjon?
CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2022

Læringsressursar

Tverrfaglege programfagsoppgåver