Fagstoff

Endocytose og eksocytose – aktiv transport

Publisert: 11.06.2014, Oppdatert: 05.03.2017
Makrofag omslutter og bryter ned en bakterie

Store molekyl eller partiklar, som verken kan passere fosfolipidmembranen eller proteinkanalar, blir frakta i membranblærer (vesiklar). Slik membrantransport kan gå både inn og ut av cellene og krev bruk av energi (ATP). Cellemembranen kan bukte seg og danne blærer som blir snørte av, og blærer kan smelte saman med cellemembranen for å tømme innhaldet på den andre sida.

Aktiv og passiv transport gjennom ein cellemembran, med vekt på endocytose og eksocytose.

 

 

 

 

Fagocytose: kvite blodceller som makrofagar, granulocyttar og monocyttar kan omslutte bakteriar og infiserte celler, og bryte dei ned.  

 

 

 

Tegning av virusreplikering i en celle.Herpesvirus – formering. Virus bind seg til reseptorar på celleoverflata og blir tekne opp ved endocytose.    

 

 

 

Tegning av synapsespalte med transmitterstoff.Overføring av nerveimpulsar i ein synapse skjer ved eksocytose av signalstoff frå aksonenden.     

 

 

 

Eincella dyr som dette tøffeldyret bruker eksocytose for å kvitte seg med overflødig vatn og avfallsstoff.  

 

 

 

 

Oppsummering av all membrantransport.Membrantransport – oppsummering av fleire typar transport gjennom cellemembranar.   

Endocytose

Celler kan ta opp større partiklar frå utsida av cella og frakte dei inn i cella ved endocytose. Yttermembranen på cella dannar då ei innbukting som etter kvart omsluttar partiklane og blir avsnørt, slik at det blir danna ei blære (vesikkel) på innsida av cellemembranen – eit endosom.

Innhaldet i blæra blir brote ned ved hjelp av enzym frå lysosom. Blæra vandrar deretter tilbake og smeltar saman med cellemembranen (eksocytose).

Vakuoler dannes ved membranavsnøringer.   

Endocytose kan delast inn i tre former

  • Fagocytose: Større partiklar blir tekne opp ved fagocytose. Eincella dyr som amøbar tek opp næringspartiklar ved fagocytose. Fleircella organismar har fagocyttar som kan ta opp bakteriar og slitne eller infiserte celler på denne måten.
  • Pinocytose er opptak av molekyl som er løyste i væske. Små væskedråper blir omslutta av cellemembranen før dei blir avsnørte og førte inn i cella.
  • Reseptorutløyst endocytose: Molekyla som blir tekne opp, blir bundne til spesielle reseptorar på cellemembranen før opptak. Dette gjeld makromolekyl, ofte protein, som er fanga opp av membranreseptorar på celleoverflata.

 

Eksocytose

Eksocytose er det motsette av endocytose. Store molekyl og partiklar som skal skiljast ut av cella, blir omslutta av ein membran slik at dei dannar ei blære (vesikkel). Vesikkelen går mot cellemembranen og smeltar saman med han, slik at innhaldet blir tømt på utsida av cella.

Eksocytose.Enzym og andre store molekyl som skal brukast utanfor cella, blir snørte av som vesiklar (membranblærer) frå golgiapparatet. Avfall og ufordøya restar blir òg omslutta av membranblærer. Alle slike vesiklar som skal tømme innhaldet utanfor cella, gjer det ved å smelte saman med cellemembranen. Dette kallar vi eksocytose, og det er ei form for aktiv transport.

Vesikkel smelter sammen med cellemembranen og tømmer sitt innhold på utsiden.Eksocytose. 

Kanaltransport mellom celler

Modell av to planteceller med forbindelser gjennom celleveggen.Plasmodesmata hos planteceller.Kanalar mellom celler hjå både planter og dyr gjer at cytoplasmaet i naboceller står i kontakt med kvarandre. Dette er viktig for at celler skal kunne samarbeide. Kanalane bind også cellene saman i eit vev.

Hos planteceller er desse kanalane (plasmodesmata) opne heile tida. Her kan det skje passiv transport av vatn, næringsstoff og signalstoff.