Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksamen for praksiskandidatar i yrkessjåførfaget

Praksiskandidatar som melder seg opp til teoretisk eksamen etter § 3-5 i opplæringslova, skal gjennomføre ein tverrfagleg skriftleg eksamen.

Her får du åtte døme på tverrfaglege eksamensoppgåver som har vore gitt til kandidatar som har meldt seg opp til eksamen i yrkessjåførfaget.

Foto av ein bussjåfør bak rattet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Døme 1

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

Du jobbar som yrkessjåfør i eit firma. Ein kunde bestiller eit transportoppdrag med gods eller personar frå utlandet.

Oppgåve

Beskriv korleis du vil planleggje og gjennomføre oppdraget for anten gods- eller persontransporten.

Døme 2

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

Du er tilsett som sjåfør i ei transportbedrift. Bedrifta fokuserer på rolla til yrkessjåføren i verdikjeda.

Oppgåve

Beskriv rolla til yrkessjåføren i verdikjeda, og legg spesielt vekt på

  • god kundebehandling
  • effektiv og sikker transport
  • god kostnadskontroll
  • miljøvenleg transport

Døme 3

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

Du jobbar som yrkessjåfør i eit transportfirma som driv med internasjonal transport. Du skal planleggje ein transport på minimum 15 timar. Vel sjølv kva land transporten går gjennom, og om det er person- eller godstransport.

Oppgåve

Planlegg og beskriv transporten, og gjer greie for desse punkta knytte til transportoppdraget:

  • sjåførdokument
  • køyretøydokument
  • lastdokument
  • køyre- og kviletidsreglane
  • forsikringsordningar

Døme 4

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

A/S Transport driv transport mellom Noreg og Sverige. For å vere konkurransedyktig legg firmaet vekt på tryggleik og økonomi.

Oppgåve

Du skal ta for deg eit transportoppdrag mellom Noreg og Sverige.

  • Planlegg oppdraget, og beskriv gjennomføringa med dokumentasjon. Legg vekt på tryggleik og økonomi.

Døme 5

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

Du er tilsett i ei bedrift og skal planleggje ein transport frå Noreg til eit anna land. Du kan sjølv velje om du skal transportere personar eller varer. Vel ei bedrift du har kjennskap til frå før, til dømes frå arbeid, utplassering, eiga verksemd eller liknande. Bedrifta legg vekt på framføringstid, lønnsam drift og miljøvenleg og sikker transport.

Oppgåve

Vel sjølv kva land transporten skal gå til. Med utgangspunkt i situasjonsbeskrivinga skal du

  • planleggje transportoppdraget og grunngi valet av transportløysing
  • beskrive aktuelle nasjonale og internasjonale transportdokument for denne transporten

Døme 6

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

Du er tilsett i ei bedrift og skal planleggje ein transport for ein kunde. Vel gjerne ei bedrift du har kjennskap til frå før, til dømes frå arbeid, utplassering, eiga verksemd eller liknande.
Transportetappen er på 1 100 km og vil under normale køyreforhold ta cirka 15 timar. Gå ut frå at det er vinter med skiftande veg- og føreforhold.

Du skal svare på anten alternativ 1 eller alternativ 2.

Alternativ 1

Med utgangspunkt i situasjonsbeskrivinga skal du transportere ein stålkonstruksjon. Konstruksjonen er 10 meter lang, 3,2 meter brei, 2,7 meter høg og 20 tonn tung.

  • Planlegg transporten, og grunngi vala dine med tanke på effektivitet, økonomi, miljø og tryggleik.

Alternativ 2

Med utgangspunkt i situasjonsbeskrivinga skal du transportere 48 personar.

  • Planlegg transporten, og grunngi vala dine med tanke på effektivitet, økonomi, miljø og tryggleik.

Døme 7

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

Du er tilsett som yrkessjåfør i ei bedrift. Vel ei bedrift som du har kjennskap til frå før, til dømes frå arbeid, utplassering, eiga verksemd eller liknande.

Du skal svare på anten alternativ 1 eller alternativ 2.

Alternativ 1

Du har fått i oppdrag å frakte eit vareparti til ein kunde. Du skal planleggje transportoppdraget i samsvar med bestillinga frå kunden, rutinane i bedrifta og gjeldande regelverk. Varepartiet skal fraktast 70 mil. Ta gjerne utgangspunkt i ein varetype du kjenner frå eigen arbeidsplass. Forklar kva du vil gjere, korleis du vil gjere det, og kvifor du vil gjere det.

Svaret ditt bør mellom anna innehalde desse punkta:

  • vegtrafikklovgiving med tilhøyrande forskrifter
  • HMT (helse, miljø og tryggleik)
  • arbeidsmiljø
  • kvalitet
  • lønnsemd

Alternativ 2

Du har fått i oppdrag å frakte 50 personar for ein turoperatør. Du skal planleggje transportoppdraget i samsvar med bestillinga frå kunden, rutinane i bedrifta og gjeldande regelverk. Lengda på turen er 70 mil kvar veg. Dei reisande er pensjonistar, og to av dei er rullestolbrukarar. Forklar kva du vil gjere, korleis du vil gjere det, og kvifor du vil gjere det.

Svaret ditt bør mellom anna innehalde desse punkta:

  • vegtrafikklovgiving med tilhøyrande forskrifter
  • HMT (helse, miljø og tryggleik)
  • arbeidsmiljø
  • kvalitet
  • lønnsemd

Døme 8

Eksamenstid: 5 timar

Situasjonsbeskriving

Du er tilsett som yrkessjåfør i ei bedrift. Vel ei bedrift du har kjennskap til frå før, til dømes frå arbeid, utplassering, eiga verksemd eller liknande. Du kan sjølv velje om det er ei bedrift som transporterer personar, eller om det er ei bedrift som transporterer gods. Profesjonell yrkesutøving og eit godt rykte/renommé er viktig for å halde ved lag posisjonen bedrifta har i marknaden.

Oppgåve

Ta utgangspunkt i transportproduktet og informasjonsflyten til bedrifta, og forklar

  • kvifor god service og kundebehandling er viktig
  • korleis du kan vere med på å forbetre servicen og kundebehandlinga
  • korleis du ved å vere profesjonell i yrket ditt kan påverke effektivitet, tryggleik, lønnsemd og det å vere miljøvenleg
CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege programfagsoppgåver