Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eksamensoppgåve 3

Denne tverrfaglege oppgåva tek for seg sentrale kompetansemål i alle programfaga. Tidsplan og organisering svarer til tverrfagleg eksamen på vg2 og kan variere noko frå fylke til fylke.
Foto av truckførar på stort lager.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksamensoppgåve

Du er tilsett i ei bedrift som driv med transport og logistikk.

  1. Korleis har denne næringa endra seg den seinare tida, og kva har det hatt å seie for samfunnsutviklinga?
    Bedrifta har løyve for å drive godstransport på veg.
  2. Kva for føresetnader må vere oppfylte for at ei bedrift skal få løyve? Kva er føremålet med transportløyve?
    Bedrifta du er tilsett i, handterer gods av ulik utforming, i ulik emballasje og av ulik art.
  3. Ta for deg tre ulike vare-/godsslag som må behandlast ulikt ut frå art, fare/risiko og dokumentasjon. Du skal sikre og merkje det eine av desse vareslaga.
  4. Korleis kan du ved å bruke dagens teknologiske hjelpemiddel planleggje, dokumentere og ta vare på trafikktryggleiken og økonomien i samband med eit transportoppdrag?
CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege programfagsoppgåver