Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppgåver i personalarbeid

Jobbintervju
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det blir ofte hevda, med rette, at dei tilsette er den viktigaste ressursen for bedrifta. Dersom leiinga verkeleg meiner det, bør det også syne seg i måten dei handsamar personalet på. Oppgåvene under handlar om viktige tema innen personalarbeid.

a) Har du nokon gong vore til jobbintervju? Fortel om det til resten av klassen.

b) Kva meiner du er best: å rekruttere internt eller eksternt? Set opp fordelar og ulemper med begge alternativa.

c) Lag ei liste over kva du meiner skal til for å halde på gode medarbeidarar.

d) Dessverre er det ofte slik at ein ikkje lagar nokon tilsetjingsavtale når elevar har ein mindre jobb. Har dette skjedd med deg? Fortel om det i klassen.

e) Be om medarbeidarsamtale i bedrifta du er utplassert i, og skriv eit referat frå samtalen. Eller gjennomfør ein medarbeidarsamtale som eit rollespel i klassa.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2017

Læringsressursar

Rekruttering