Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Dei administrative rutinane i skulen

Arbeidet på eit kontor kan variere etter bransjen og etter storleiken på bedrifta. På ein skule er det mange rutinar som skal takast hand om kvar dag. I denne oppgåva skal du bli betre kjend med dei kontoradministrative rutinane i skulen.
Uranienborg skole i Oslo, eksteriør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

De skal intervjue ein kontortilsett ved skulen om dei kontoradministrative rutinane.

Gå saman to og to og førebu intervjuet. Under intervjuet kan det vere lurt at den eine noterer mens den andre stiller spørsmåla.

Før de gjer ein avtale, må de definere omgrepet «administrative rutinar» og gjere klar spørsmåla.

Forslag til spørsmål:

  1. Kven arbeider med administrasjon på skulen?

  2. Kva arbeidsoppgåver er knytte til arbeidet med økonomi?

  3. Kva arbeidsoppgåver er knytte til lønn og rekruttering?

  4. Kva slags saker behandlar administrasjonen, og kva rutinar har skulen for saksbehandling?

  5. Kva gjer dei som arbeider i resepsjonen?

  6. Kva slags post kjem til skulen, og korleis blir han behandla?

  7. Korleis er arkiveringsrutinane til skulen for fysisk og digital post?

Etter intervjua:

  1. Samanfatt kva de har funne ut, og reinskriv svara i ein rapport.

  2. Er det nokon rutinar som kan forbetrast? Kom med eventuelle forslag til forbetringar.

  3. Kva synest de om arbeidsoppgåvene? Trur de dette er spennande å arbeide med?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 24.02.2022

Læringsressursar

Dokumentbehandling og saksbehandling