Hopp til innhald

Spelefilm

12 Years a Slave

Den kritikarrosa spelefilmen 12 Years a Slave byggjer på ein sjølvbiografisk roman med same tittel frå 1853. I filmen blir Solomon Northup sine tolv år som slave i sørstatane skildra.

Om filmen

Filmen 12 Years a Slave er basert på den sanne historia om Solomon Northup frå New York. Solomon var ein fri svart mann som blei bortført på reise til Washington i 1841. Han blei deretter teken med til sørstatane og selt som slave på ein marknad i New Orleans. Etter 12 år får han fridommen sin og kan vende attende til familien.

Filmen byrjar med at Solomon, allereie i fangenskap, arbeider ute på åkrane på ein sukkerplantasje. Gjennom glimt frå fortida får vi sjå kva som har leidd han dit.

Livet i slaveri er hardt, og Solomon kjempar for å halde seg i live. Han møter mykje motstand og opplever særs tøff behandling frå slaveeigaren, som blir spelt av Michael Fassbender.

Utmerkingar

12 Years a Slave har fått rosande omtalar, og fleire filmmeldarar kåra filmen til den beste i 2013.

Filmen har vunne både Oscar og Golden Globe for beste film, i tillegg til ytterlegare to Oscar-prisar og ei rekkje andre prisar og nominasjonar.

Boka

I 1853 gav den historiske personen Solomon Northup ut boka 12 Years a Slave.

Boka er basert på det han opplevde i fangenskap, frå han blei kidnappa til han blei sett fri tolv år etter.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavarar: SF Norge og Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Menneskerettar