Fagstoff

Transport gjennom cellemembranen

Publisert: 26.05.2014, Oppdatert: 02.08.2017
Eukaryot celle – transport gjennom cellemembranen

Miljøet i ei levande celle er i stadig endring, men cella må halde ved lag ein viss balanse for å overleve. Ho må ta inn vatn, næringsstoff og oksygen, samtidig som avfall, overflødig vatn og produkt som skal brukast andre stader, må sendast ut. All transport inn og ut av cella blir kontrollert av cellemembranen.

Tegning av forstørret fosfolipidlag. Illustrasjon.Cellemembran med eit dobbelt lag av fosfolipid. 

Molekylstruktur av fosfolipid. Illustrasjon.Fosfolipid har ein hydrofob og ein hydrofil ende. 

Konsentrasjonsgradient. Illustrasjon.Transport med og mot konsentrasjonsgradienten.

Cellemembranen

Cellemembranen er bygd opp av eit dobbelt lag med fosfolipid. Fosfolipida vender den feittløyselege enden (feittsyrene) mot sentrum av membranen og den vassløyselege enden (glyserol og fosfat) mot yttersida av membranen.

Det gir membranen eit hydrofobt indre som let feittløyselege stoff passere, men hindrar vassløyselege (polare) stoff i å kome gjennom. Den hydrofile overflata til membranen vender mot det vasshaldige miljøet i og utanfor cella.

Protein i cellemembranen dannar transportkanalar og berarprotein som kan frakte vassløyselege stoff igjennom.
Tegnet cellemembran med strukturer på overflaten. Illustrasjon.Cellemembran med transportprotein og reseptorar. Ettersom cellemembranen slepp gjennom somme stoff og stoppar andre, seier vi at han er selektiv permeabel eller semipermeabel. Det vil seie at han er halvgjennomtrengeleg.
Les meir om cellemembranen

Konsentrasjonsgradient

Utan ytre påverknad eller bruk av energi, vil alle stoff i gass og væsker gå frå høgare til lågare konsentrasjon av stoffet. Ein skilnad i konsentrasjonen kallast ein gradient.

Passiv transport – utan bruk av energi

  • Rørsle MED gradienten går frå høgare konsentrasjon til ein stad med lågare konsentrasjon av stoffet.
  • Transport MED gradienten skjer ved diffusjon, krev ikkje bruk av energi og blir kalla passiv transport.

Aktiv transport – med bruk av energi

  • Rørsle MOT gradienten går frå lågare til der det er høgare konsentrasjon av stoffet.
  • Transport MOT gradienten krev at cella brukar energi og blir kalla aktiv transport.
  • Transport av ein del ladde partiklar og større molekyl krev òg bruk av energi og kallast difor aktiv transport.

Eigenrørsle

Alle atom, molekyl og ion er i konstant rørsle. Rørslene er tilfeldige, går i alle retningar og avspeglar temperaturen – di høgare temperatur, di raskare rørsler. Rørsletempoet blir òg påverka av massen til partiklane – di mindre masse, di raskare rørsler. Denne eigenrørsla er årsaka til at stoff spreier seg, som når lukta av løk "fyller" eit rom.

Klikk på modellen for å tilføre ein drope med fargestoff og følg rørslene til eitt molekyl.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald