Faktorar som kan ha noko å seie for skaden, er
- kor langt ned barnet fell
- om underlaget er hardt eller mjukt
- flaks eller uflaks
Det kan vere problematisk for dei yngste barna å beskrive kva typar skadar dei har, og kor det gjer vondt. Av og til er barnet meir skadd enn det klarer å formidle.
Skadar ved fall kan vere
- sår
- forstuingar og brotskadar
- blødingar
- ytre blødingar – lèt seg vanlegvis stoppe
- indre blødingar – kan vere vanskeleg å oppdage
- hovudskadar
- rygg-og nakkeskadar
Du må handle riktig når eit barn har vore utsett for fall. Riktig førstehjelp finn du under Vg1.
Du bør spesielt hugse på følgjande:
- Oppsøk alltid lege dersom barnet har falle frå store høgder. Men hugs at ein kan også kan få store skadar ved fall frå bagatellmessig høgd.
- Dersom barnet er medvitslaust, må ein syte for frie luftvegar og sjekke om barnet pustar normalt. Dersom det gjer det, må ein leggje barnet i sideleie. Dersom ein må forlate barnet, må ein først observere det i minst eitt minutt.
- Sjølv om barnet er skada, bør det liggje i sideleie dersom det er medvitslaust. Du bør gå på førstehjelpskurs for å lære å leggje ein person som kanskje har rygg- eller nakkeskade, i sideleie.
- Dersom barnet ikkje pustar, må du gi hjarte- og lungeredning.
- Ved mistanke om indre blødingar må du syte for at personen kjem raskt til sjukehus.
- Ring 113 dersom du er i tvil om kva du skal gjere.
- Verkar barnet hardt skadd, bør du helst ikkje flytte barnet før sjukebilen kjem.
- Sjå etter barnet i timane etter fallet sjølv om det verkar uskadd.
- Få hjelp til å roe ned dei barna som har sett ulykka.
- Fortel alltid foreldra om fallskadar.
Utfordringar til deg
Oppgåver til "Fallulykker"
- List opp nokre situasjonar der du sjølv har falle og skadd deg. Fortel
- kva type situasjon det var
- kva type skade du fekk
- om skaden kunne vore unngådd
- Repeter riktig førstehjelp ved
- sår
- forstuing og brot
- indre blødingar
- hovudskadar
- I lenkjesamlinga finn du lenkje til ei førstehjelpside. Gjer deg kjend med denne sida.
- Kvifor er det viktig å fortelje foreldre om fall som barna har hatt i barnehagen, sjølv om barnet ser friskt ut?
- Kva seier du når du ringjer 113?
- Du er usikker på om eit barn har fått hjerneristing etter fall i barnehagen. Kva gjer du?
- Eit barn har falle frå eit klatrestativ og har feilstilling på venstre fot. Kva er riktig førstehjelp?
- Skrubbsår er truleg den typen sår du oftast kjem ut for. Sjå film og gå deretter saman to og to og øv på førstehjelp ved skrubbsår.
- Sjå filmen om brot. Ta notat.
- Korleis kan du førebyggje fallskadar i
- barnehagar
- skular
- uteområde der barn oppheld seg
- Lag ein informasjonsfilm om fallskadar og førstehjelp ved fallskadar. Vel målgruppe.
- Bruk nettstaden lommelegen.no. Kva finn du om førstehjelp ved ulike typar fallskadar på denne nettstaden?
Hjerneristing
Symptom ved hjerneristing er
-
kortvarig medvitslaus tilstand etterfølgt av svimmelheit og kvalme
-
minnetap om ting som nettopp har hendt
-
svak hovudpine
SKILDRING | TILTAK |
---|---|
Vake barn | |
Ved rask gjenvinning av medvitet | |
Ved medvitsløyse |
(Kjelde: Kjell Arne Standal)
Brot
Barn kan vere uheldige og få brot fleire plassar på skjelettet: i bein/ føter, bekken, kne, kragebein, armar, olboge, ribbein, hender og så vidare. Tiltaka varierer gjerne for opne og lukka brot. Her kan du øve deg på å skildre tiltak for nokre utvalde typar brot.
List opp
- sikre teikn på brot
- usikre teikn på brot
KROPPSDEL |
OPE/LUKKA |
TILTAK |
Høgre bein | Lukka | |
Ope | ||
Venstre arm | Lukka | |
Ope | ||
Ribbein | Lukka |
(Kjelde: Kjell Arne Standal)
Relatert innhald
Nettside hos forstehjelp.info