Hopp til innhald

Spelefilm

En helt vanlig dag på jobben

Filmen er regissert av Terje Rangnes etter eit manus av Erlend Loe. Manuset er basert på ei bok av tidlegare Se og Hør-journalist Håvard Melnæs med same tittel.

Om filmen

Håvard Melnæs begynner å jobbe som journalist i vekebladet Folk Flest, som er namnet på Se og Hør i filmen. På same tid begynner det å gå rykter om forholdet mellom Kronprins Håkon og Mette-Marit Tjessheim Høiby. Melnæs får høg stjerne i bladet då det viser seg at han er ein kjenning av Mette-Marit, og han blir sett til å dekkje saka. Etter kvart blir han også kjend med faren til Mette-Marit, Sven O. Høiby. Filmen viser korleis presse-etikken kan komme i andre rekkje når kjendisjournalistar er på jakt etter ei god sak.

Filmen er regissert av Terje Rangnes. Erlend Loe har skrive manus etter ei bok av Se og Hør-journalist Håvard Melnæs. På rollelista finn vi blant anna Ingar Helge Gimle som Sven O. Høiby, Jan Gunnar Røise som Håvard Melnæs og Jon Øigarden som sjefredaktøren Asvik.

Dokumentarisk preg

Filmen er spesiell fordi han bygger på ei historie frå verkelegheita som handlar om nolevande høgt profilerte personar i det norske samfunnet. Mange meiner òg at filmen gir eit unikt innblikk i det som føregår bak kulissane i det som vi gjerne omtaler som «sladrepressen». Filmen er ein fiksjon, men inneheld klipp frå verkelege hendingar, noko som gir filmen eit dokumentarisk preg. Det dokumentariske blir forsterka av at filmen startar med ein samtale mellom den verkelege journalisten (Melnæs) og skodespelarane som skal framstille den fiktive historia.

Melnæs byrja som journalist i Se og Hør i 1996 og var gjennom fleire år involverte i dekninga til vekebladet av forholdet mellom kronprinsesse Mette Marit og den alkoholiserte faren hennar. I ei melding frå NRK Filmpolitiet (2010) blir det påpeika at filmen kan sjåast på som sjølvransakinga og oppgjeret til ein journalist med etiske overtramp

Sitat frå NRK Filmpolitiet sin omtale av filmen:

Melnæs, i Jan Gunnar Røises skikkelse, skildres godt som en naiv ung mann, som snubler inn i en tilværelse som umiddelbart virker forlokkende. Men han trår over etiske grenser, noe som etter hvert preger ham. «En helt vanlig dag på jobben» kan virke å være en slags syndsforlatelse.

(Filmpolitiet, 2010)

CC BY-SASkrive av Tina Andersson og Ragna Marie Tørdal. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon