Hopp til innhald

Fagstoff

Noreg i Brussel

Noreg er ikkje medlem av EU, men visste du at Noreg har mange utsende medarbeidarar frå dei norske departementa til Brussel? Noreg sin delegasjon til Den europeiske unionen representerer norske styresmakter i høve til EU og skal sjå til både god informasjon om kva som skjer i EU og sjå til at norske interesser blir høyrd.
Norway House i Brussel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

EU-delegasjonen er ein norsk utanriksstasjon (på line med t.d ambassadar) og er spesiell fordi det finst utsendingar frå nesten alle dei norske departementa der.

Delegasjonen utgjer den største utanriksstasjonen til Noreg med heile 55 medarbeidarar. 35 av desse er diplomatar. Ein tredel er utsendingar frå Utanriksdepartementet, medan dei andre kjem frå dei andre departementa.

EU-delegasjonen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Oppgåva til EU-delegasjonen er å representere regjeringa andsynes EU på alle EU-relaterte område som har noko å seie for Noreg. Delegasjonen skal mellom anna:

  • Følgje utviklinga i EU på område som er spesielt viktige for Noreg. Dei analyserer den politiske utviklinga og informerer departementa heime.
  • Dei skal fremje norske bidrag, synspunkt og innspel andsynes institusjonane til EU. Dei arbeider også opp mot EFTA-sekretariatet og ESA, overvakingsorganet til EFTA-landa.
  • Delegasjonen skal hjelpe til med å finne ut korleis Noreg kan handle innanfor dei ulike samarbeidsavtalane vi har med EU.
  • Arbeide for auka kunnskap og kompetanse om EU- og EØS-spørsmål i Noreg, og andsynes dei som vitjar EU-delegasjonen eller tek kontakt på ein annan måte. Mange norske elevar vitjar EU-delegasjonen på studietur til Brussel, og får informasjon om arbeidet til delegasjonen.

Å følgje utviklinga i EU på område som er aktuelle for EØS-avtalen, som den indre marknaden, og Schengen-samarbeidet, er særleg viktig for Noreg.

Kjelde: Om delegasjonen, Europaportalen.

Andre norske aktørar i Brussel

Det er mange norske representantar i Brussel, og organisasjonar og selskap har eigne kontor der. Med det store norske nærværet i Brussel, ser vi at mange aktørar ser at det er naudsynt å vere i nærleiken av der ein tek avgjerder. Avgjerder som har noko å seie for norske verksemder og interesser.

Mellom dei norske aktørane som har kontor i Brussel er LO og NHO. Det same har Bellona og Flyktningehjelpa. Av norske selskap er mellom anna SAS, Statnett, Statoil og Hydro til stades i den belgiske hovudstaden. I tillegg har regionane sine Europakontor, som Trøndelags Europakontor, Vest-Noregs Europakontor og NorthNorway European Office. Mediehusa har sjølvsagt også korrespondentane sine her.

Fullstendig oversikt får du her: Norske aktørar i Brussel

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2017

Læringsressursar

EU og Noreg