Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er Schengen-samarbeidet?

Frå 1990 har EU-landa hatt ein avtale om felles grensekontroll. Noreg, Sveits, Liechtenstein og Island er fire ikkje-EU-land som òg har skrive under på avtalen. Målet er å ha eit felles regelverk for dei som ønskjer å kome inn, samtidig som ein slepp å bruke pass når ein reiser mellom landa som er med i avtalen.
passkontroll flyplassen i Bucuresti. Romania. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Scengen-samarbeidet er EU-landa sitt samarbeid om justisspørsmål. Dette gjeld mellom anna politisamarbeid, førebygging av kriminalitet og visum- og grensesamarbeid. Av EFTA-landa er Noreg og Island tilknytt Schengen-samarbeidet gjennom ein eigen avtale. For dei fleste av oss er dette samarbeidet synleg i passfridomen innanfor samarbeidet.

Justisspørsmål i EU

EU sitt samarbeid på justisområdet har etter kvart blitt meir og meir utvikla. I dag omfattar dette samarbeidet område som visum- og grensesamarbeid, asyl- og flyktningspørsmål, politisamarbeid og førebygging av kriminalitet. I dei siste åra har også område som menneskerettar, terrorisme og indre tryggleik vorte ein del av justispolitikken til EU.

Når det gjeld tryggleiken til EU-landa er det også viktig for EU å arbeide for stabilitet og velferd i område og land som grensar opp mot EU.

Noregs haldning til Schengen

Regjeringa understrekar at norske styresmakter er opptekne av og ser utfordringar på dei same områda som EU, mellom anna når det gjeld kriminalitet over grensene, ulovleg innvandring og korleis ein taklar flyktningstraumane. Dei siste åra har svært mange flyktningar kome til Europa som resultat av borgarkrigen i Syria og eit ustabilt Midtausten. Dette er ei problemstilling som i høgste grad utfordrar Schengen-landa, og det har vore mykje usemje om korleis situasjonen ved grensene skal løysast.

Kva går Schengen-avtalen ut på?

På same måte som EØS-avtalen, er også Schengen-avtalen ein såkalla rammeavtale. Avtalen er dynamisk. Det vil seie at han heile tida vil bli endra gjennom nye lover, såkalla rettsakter. Desse blir også gjeldande for tilknytingsavtalen som Island og Noreg har med dei andre Schengen-landa.

Hovudinnhaldet i Schengen-samarbeidet er:

  • sams reglar om passering av indre grenser
  • sams reglar for kontroll av ytre grenser (ytre grenser er grenser mot land som ikkje er med i Schengen)
  • sams reglar for politisamarbeid og utlevering av lovbrytarar
  • eit sams informasjonssystem for politi- og påtalestyresmakter
  • sams visumreglar
  • sams reglar om retur av ulovlege innvandrarar
  • sams reglar om personvern som skal følgjast av politi- og påtalestyresmakter
  • sams reglar om skytevåpen og ammunisjon

(Kjelde: NOU 2012:2, punkt 5.2. Hovedtrekk ved Schengen-avtalen)

Noreg og justissamarbeid

Norge signerer Shcengen-avtalen, 1996. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Norden har vi hatt passfridom i mange tiår. Då dei nordiske EU-landa Danmark, Sverige og Finland ønskte å bli med i Schengen på midten av 90-talet, ville det truge den eksisterande passfridomen i Norden. Dette gjorde at Noreg og Island også ønskte å bli med i Schengen-samarbeidet.

Etter fleire rundar med forhandlingar signerte Noreg ein samarbeidsavtale med Schengen-landa i 1996, noko som skapte ein stor debatt i Noreg. Du skal arbeide meir med å finne ut av debatten i oppgåva Haldningar til Schengen-avtalen.

Sidan 2001 har Noreg og Island delteke fullt ut i Schengen-samarbeidet.

Relatert innhald

Gjennom ordninga med EØS får Noreg fri tilgang til den indre marknaden i EU, og til dei fire fridommane.

Noreg er ikkje medlem av EU, men gjennom avtalar som EØS-avtalen og Schengen-avtalen og andre avtalar direkte med EU er Noreg tett integrert med EU.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Clemens Saers.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2017

Læringsressursar

EU og Noreg