Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Happy Voting?

Ved Europaparlamentsvalet i 2014, gjekk fleire organisasjonar innanfor EU-landa saman om å lage ein kampanje som het Happy Voting. Her skal du vurdere kva som kan få ungdomar til å røyste ved store val som Europaparlamentsvalet.
Unge stemmeberettigede i Europa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

1. Drøft følgjande:
a) Korleis kan ungdom føle at dei blir høyrd? Trur du det er annsleis ved t.d. val til lokale nasjonalforsamlingar (som Stortinget) enn ved større val som val som til Europaparlamentet?
b) Er det andre måtar å vere med i eit demokrati på enn berre ved val?

2. Sjå videoen under. Tykkjer du det er ein artig video? Diskuter i klassen om slike framstøyt vil påverke ungdom til å bruke røysteretten sin.

3. Kva andre måtar kan ein bruke for å nå ungdom og få dei til å bruke røysteretten sin? Skriv ned dine framlegg først før de diskuterer i grupper eller heile klassen samla.

Relatert innhald

I 2014 røysta innbyggjarane i EU-landa på sine representantar til Europaparlamentet. Korleis finner eit slik val stad, og kven stilte til val?

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017

Læringsressursar

EU og Noreg