Hopp til innhald

Fagstoff

Valet til Europaparlamentet

22.–25. mai 2014 røysta innbyggjarane i EU-landa på representantar til Europaparlamentet. Korleis går eit slikt val føre seg, og kven stilte til val?
Europaparlamentsvalg, valgbanner i Brussel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Parti

I Europaparlamentet er ikkje medlemmene delte i nasjonale grupper, men etter kva parti dei høyrer til. Dei fleste partia er dei same som finst i dei enkelte medlemslanda, og som også stiller ved nasjonale val. Partia er medlemmer i større europeiske koalisjonar i Europaparlamentet..

Det er i alt 751 representantar i Europaparlamentet. Representantane til parlamentet er valde for ein 5-årsperiode.Her er partia og talet på representantar etter valet i 2014:

  • Moderate konservative (EPP) – 221
  • Sosialdemokratane (S&D) – 191
  • Konservative og reformistar (ECR) – 70
  • Dei liberale (ALDE) – 67
  • Venstrefløya (GUE/NGL) – 52
  • Dei grøne (Greens/EFA) – 50
  • Gruppa for europeisk fridom og direkte demokrati (EFDD) – 48
  • Uavhengige/gruppelause – 52

Valkampanje for unge med røysterett

Tenk over

Mange veljarar synest at det er stor avstand mellom veljarane og dei folkevalde, til dømes i Noreg. Den låge valoppslutninga til Europaparlamentet, i nokre land under 20 prosent, viser at avstanden er eit problem også i EU. Trur du at det er mogleg for dei europeiske folkevalde å skape større nærleik til veljarane i dei ulike EU-landa?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017

Læringsressursar

EU og Noreg