Fagstoff

Etikk og mangel på organ

Publisert: 14.05.2014, Oppdatert: 07.08.2017
Genetisk modifisert  grisehjerte

Mangelen på organ har ført til illegal verksemd, men òg til forsking på nye måtar å skaffe vev og organ på. Kanskje kan organ frå genmodifiserte dyr redusere ventelistene? Vi kan også dyrke vev og organ på laboratoriet ved hjelp av stamceller. Spelar det då noko rolle kvar stamcellene kjem frå, og er det greitt at dei som kan betale, kjøper seg eit organ?

En egypter viser fram arret etter at han solgte sin nyre.Dette ekteparet frå Kairo selde kvar si nyre for 2 300 dollar. Ifølgje WHO er Egypt blant dei seks landa i verda med mest organtrafficking. 

Noreg ligg på verdstoppen i organdonasjonar.

Søylediagram – 487 transplantasjoner i 2012.Organtransplantasjonar i Noreg i 2011 og 2012 

 

Dyr som reservedelsprodusentar. Simulering med tale – eignar seg som innleiing til debatt. 

 

En glassklar hornhinne holdes oppe med pinsetter.Dyrking av hornhinne i eit laboratorium (in vitro). 

 

Bilde av interaktivitetOmprogrammering av celler – induserte pluripotente stamceller. Cellpics. 

Etikk – organ blir selde på svartebørs

Mangelen på organ til transplantasjon har ført til at det har utvikla seg svartebørshandel med organ, hovudsakleg frå fattige "givarar" i fattige land, til velståande mottakarar. Det har òg vore fleire tilfelle der organ har vorte stolne frå avlidne personar, men ein har ikkje avdekt slike tilfelle i Noreg.

Modell av tenkt organbank med ulike oganer på glass.Modell av ein tenkt organbank (ikkje realistisk).I Noreg og i dei fleste vestlege land, er det er strengt forbode med kjøp og sal av organ. Det hindrar ikkje at det blir utført mange illegale transplantasjonar i verda. For å motverke vekst i den illegale marknaden ønskjer ein å redusere ventelistene.

Dyr som reservedelsprodusentar

Ettersom det er stor mangel på organ til transplantasjon, forskar ein på moglegheita for å bruke organ frå dyr (xenotransplantasjon). Både grisar og aper har organ som er svært like organa til mennesket, men vevstypane er ulike og skapar kraftigare avstøytingsreaksjonar enn ved transplantasjonar mellom menneske.

Vev med viruspartikler.Retrovirus hjå gris.Ved hjelp av genteknologi har ein skapt grisar med ein vevstype som kan aksepterast ved transplantasjon på tvers av artsgrenser. Det er likevel ein viss fare for å overføre smittestoff, som menneske ikkje har immunitet mot. Dette er grunnen til at det førebels er forbode å utføre xenotransplantasjon av levande vev frå dyr til menneske i mange land, inkludert Noreg.

Dyrkar organ som ikkje blir avstøytte

Ved tradisjonell transplantasjon nyttar ein organ frå ein givar (donor). For å hindre avstøyting må pasienten bruke medisinar som dempar immunforsvaret. Desse medisinane gir biverknader og er ikkje alltid nok til å hindre avstøyting. Det er også lang ventetid på å få eit donert organ.

Toårige Hanna smiler i sin sykeseng med mange ledninger koblet til seg.Banebrytande kirurgi med nytt luftrøyr laga av nanomateriale og stamceller frå den vesle jenta.Forskingsresultat frå dyrking av vev med pasienten sine eigne gen, gir difor grensesprengjande moglegheiter innan medisin. For å kunne dyrke celler og vev utanom kroppen, treng ein pluripotente stamceller. Dei er ikkje spesialiserte og kan utvikle seg til kva for type vev som helst (differensiering). Når desse stamcellene har same kjerne (same DNA) som pasienten, vil det vevet som blir dyrka, bli akseptert utan fare for avstøyting etter transplantasjon. Lukkast ein i å utvikle effektive metodar, vil det gi store gevinstar i medisinsk samanheng.

Kilder til stamceller

les mer

Terapeutisk kloning

Diagram som skjematisk viser forskjellen på reproduktiv o terapeutisk kloning.Kloning: reproduktiv og terapeutisk kloning.  Ved terapeutisk kloning blir kjernen i eit ubefrukta egg fjerna og erstatta med kjernen frå ei vanleg kroppscelle (pasienten si). Dersom alt går bra, utviklar egget seg som ved ei normal befrukting og dannar ein blastocyst. Dersom denne blir brukt som kjelde for stamceller til behandling, kallar ein det terapeutisk kloning.

For einskilde er det ikkje etisk akseptabelt at ein nyttar donerte eggceller eller aborterte foster som kjelde til stamceller. Mange har òg motførestellingar mot denne prosessen fordi det er eit menneske som blir klona, sjølv om prosessen blir stoppa på blastocyststadiet.

Induserte pluripotente celler (iPS-celler)

Et tynt sjikt med menneskeceller som vokser på et næringsmedium.Induserte pluripotente stamceller (iPS-celler) sett i lysmikroskop. Desse cellene er farga og veks på eit næringsmedium. Ved hjelp av biokjemiske signal kan ein differensiere pluripotente celler til alle dei 200 celletypane som finst i menneskekroppen. Som eit alternativ til terapeutisk kloning, har ein funne ein metode for å omprogrammere celler som allereie er differensierte (spesialiserte). Ein kan til dømes bruke hudceller og omprogrammere dei til ein embryonal stamcelleliknande tilstand.

Desse cellene blir kalla induserte pluripotente stamceller (iPS-celler), og dei blir produsert i store mengder. iPS-celler blir framleis mest brukt til forsking, men nokre pasientar har fått nye organ og nytt vev. Ei kvinne fekk nytt luftrøyr med eigne celler dyrka på brusken frå eit donert luftrøyr. IPS-celler kan mellom anna bli svært nyttige til dyrking av hud for brannskadde.

skjul

 

I ei undersøking i 2011 svarte 79 % at dei er villige til å donere organ.

 

 

Grønt kort med personalia og samtykke til organdonasjon.    

Donere organ?

Kvart år opplever mange familiar at ein av deira nærmaste blir så alvorleg skadd eller sjuk, at livet ikkje kan reddast. Då kan spørsmålet om organdonasjon melde seg. Mange opplever det som ei ekstra belasting å skulle ta stilling til organdonasjon på vegner av den som er i ferd med å døy.

Dersom fleire hadde snakka om kva haldning dei har til donasjon, ville avgjerda kanskje vorte enklare for dei pårørande i ein slik situasjon. Kvar einskild av oss kan ta ei avgjerd medan vi lever og informere våre nærmaste om vår haldning til donasjon. Det er òg mogeleg å vise sitt samtykke skriftleg ved å skaffe seg eit donorkort.