Fagstoff

Donorar og kriterium for død

Publisert: 12.05.2014, Oppdatert: 05.03.2017
Organdonasjon – giver og mottaker

Organdonasjon i Noreg er regulert av Lov om transplantasjon. Når organ skal transplanterast frå ein avliden donor, er det i praksis familien som avgjer om det kan skje. Dersom det er mogeleg, skal avgjerda vere basert på den avlidne sitt ønske eller det ein reknar med at den avlidne ville ha ønskt. Sjølv om lova opnar for at det skal vere mogeleg å nytte organ frå ein avliden person utan at det ligg føre eit løyve frå den avlidne eller pårørande, gjer ein aldri dette i Noreg.

En ambulanse med blålys og personale som løper med båra.Før ein pasient blir erklært hjernedaud, har det som regel vore ein situasjon med brå sjukdom eller alvorleg ulukke. Dette gjer at spørsmålet om organdonasjon kjem brått på familien.  

 

Et hjerte ligger i saltvann og is i en gjennomsiktig plastpose.Eit donert hjarte. Organ som skal transplanterast, blir nedkjølte og frakta til Rikshospitalet der mottakarar møter opp på kort varsel og transplantasjonar blir gjennomførde.   

 

Operasjonssal med et team ved en ung pasient.Ein ung pasient blir gjort klar for levertransplantasjon.  

 

Kriterium for død og samtykke i samband med organdonasjon.

 

 

Når døden tener livet:

Organdonasjon – ei gåve for livet.

 

 

Takksam for organet som redda livet.

 

Føresetnad for donasjon – hjernedaude

Ein føresetnad for donasjon av vitale organ som hjarte og lunger, er at donoren er hjernedaud og at pasienten døydde på eit av dei 28 godkjente donorsjukehusa i landet. I Noreg er det lovpålagt å gjennomføre ei røntgenundersøking som kan påvise oppheva sirkulasjon i hjernen før organdonasjon kan skje.
Mor og datter omfavner hverandre.  Dersom ein pasient blir erklært hjernedaud og er aktuell som donor, vil ein halde ved lag organa sine funksjonar mellom anna ved hjelp av respirator. Det gir dei pårørande tid til å snakke saman før dei må ta ei avgjerd. Dette er særleg viktig når den avlidne ikkje har uttrykt eit klart standpunkt til donasjon.

Korleis stiller ein diagnosen hjernedaud?

I Noreg er dødsdefinisjonen gitt i eiga forskrift med heimel i Transplantasjonsloven av 1973, og er knytt til total og varig øydelegging av hjernen med irreversibelt opphøyr av alle funksjonar i storehjerne, lillehjerne og hjernestamme.
For å stille diagnosen "daud ved total øydelegging av hjernen", medan andedrag og hjarteverksemd blir halde ved lag med kunstige middel, må alle desse kriteria vere oppfylte:

  1. erkjent sjukdom eller skade i skallehola
  2. total medvitsløyse
  3. opphøyr av eigne andedrag
  4. fråvær av alle hjernenerverefleksar
  5. opphøyr av den elektriske aktiviteten i hjernen (flatt EEG)
  6. oppheva blodtilførsel til hjernen påvist ved røntgenfotografering av hovudet etter innsprøyting av kontrastmiddel i halspulsåra (cerebral angiografi).1 

Ettersom dei fleste pasientane som døyr på sjukehus, døyr av hjartestans utan at hjernen er daud på førehand, er det få pasientar som oppfyller kriteria for organdonasjon. For å auke tilgangen på organ til transplantasjon, ønskjer fleire forskarar å endre kriteria for organdonasjon til også å gjelde hjartedaude.2

Kven kan bli donor?

Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for å vere donor, men det er berre personar som døyr av hovudskader forårsaka av ulukker, blodpropp eller hjernebløding som er aktuelle donorar.

En kropp satt sammen av puslespillbrikker. Av dei 40 000 personane som døyr i Noreg kvart år, er det mindre enn 0,5 % som eignar seg som donorar, det vil si mindre enn 200 personar.

Sjølv om lova her opnar for at det skal vere mogeleg å nytte organ frå den avlidne til transplantasjonar utan at det ligg føre eit løyve frå den avlidne eller pårørande, gjer ein aldri dette i Noreg.

Når donasjon er aktuelt, skal helsepersonell alltid spørje dei pårørande om dei kjenner den avlidne si haldning til donasjon. Dersom den avlidne hadde gitt samtykke til donasjon, til dømes i form av eit donorkort, er det dette ein skal leggje til grunn for å gjennomføre donasjonen. Dersom dei pårørande likevel set seg sterkt imot donasjon, kan donoransvarleg lege avvike frå den avlidne sitt ønske.

Logo med en grønn person med en forlenget arm. Dersom dei pårørande ikkje kjenner den avlidne si haldning til donasjon, men ikkje set seg imot dette, kan ein gjennomføre donasjonen. Når den avlidne si haldning til donasjon var negativ, blir donasjon ikkje gjennomført.3

Oppgåver

Aktuelt stoff for