Fagstoff

Organdonasjon og immunforsvar

Publisert: 12.05.2014, Oppdatert: 04.08.2017
Nyretransplantasjon

Når organ som til dømes nyrene sviktar, kan redninga bli ei ny nyre frå ein levande eller daud donor. For at transplantasjonen skal gå bra, må vevstypane til donoren og mottakaren vere mest mogeleg like, og immunsystemet til mottakaren må dempast for at det nye organet ikkje skal bli avstøytt. Ettersom det er langt færre givarar enn potensielle mottakarar, er det mange som står på ventelister for å få eit nytt organ.

Tegning av T-drepercelle som skiller ut stoffer som dreper den fremmede cella.T-hjelparceller går til åtak på celler med framande vevstypar. 

T-hjelpercelle sover og den fremmede cella klarer ceg.Cyclosporin dempar T-hjelparcellene si utskiljing av cytokinar. Då blir det færre T-dreparceller og avstøytingsmekanismane blir hemja. 

Tegning av kropp med de sju organene som kan doneres. Vi har sju organ vi kan donere.  

To hender som preparerer aorta med hjerteklaffer for transplantasjon.I ein vevsbank tek dei vare på reservedelar som hjarteklaffar, øyrebein og hornhinner.

Immunforsvaret ved transplantasjonar

Kroppen sine eigne B- og T-celler (lymfocyttar) kan skilje mellom venn og fiende og går ikkje til åtak på eigne friske celler, fordi dei har kroppen sine eigne antigen (vevstype). Under modninga av B- og T-celler vil dei som reagerer mot kroppen sine eigne celler, bli drepne.

Avstøyting

Ved ein transplantasjon er vevstypane til mottakaren og givaren (donoren) ulike. Det transplanterte organet har celler med antigen som lymfocyttane oppfattar som framande. Dersom ein ikkje grip inn, vil T-dreparceller (også kalla T-åtaksceller), med hjelp frå T-hjelparceller, gå til åtak på dei framande cellene, slik at det nye organet blir øydelagt og avstøytt.

Immunundertrykking

For å unngå avstøyting, må immunforsvaret til mottakaren dempast med medikament. Eit viktig medikament er cyklosporin som blir brukt for å dempe aktiviteten til T-cellene. Mikroskopbilde av en sopp.Soppen Tolypocladium inflatum som finst på Hardangervidda er opphavet til cyclosporin, som ein nyttar til å dempe immunreaksjonar ved transplantasjonar. Det hindrar T-hjelparcellene i å skilje ut cytokin, og dermed blir ikke T-dreparcellene stimulerte til deling. Det blir færre T-dreparceller som kan gå laus på det transplanterte organet.

Pasientar som har fått transplantert organ, må bruke medisinar som dempar immunresponsen heile livet, men dosane er størst i byrjinga. I denne perioden er pasienten utsett for infeksjonar og treng ekstra vern (ofte i isolat) mot patogene mikroorganismar. Når ein seinare må trappe ned dosane, er det ein kritisk fase der ein håpar at kroppen vil godta det nye organet.

Vevslikskap

En gjennomsiktig pose med mørk rød væske.Beinmerg. For å minske faren for avstøyting, vel ein organ frå ein donor med ein vevstype som er mest mogeleg lik vevstypen til mottakaren. Einegga tvillingar har identiske vevstypar, men alle slektningar har meir og mindre like vevstypar. Når det er mogeleg, blir difor slektningar brukt som givarar. Dette gjeld særleg nyre- og beinmergstransplantasjonar.

Organ

Det er i dag (2014) sju organ som kan donerast og transplanterast: Hjartet, to lunger, to nyrer, levra og bukspyttkjertelen.1
Nærbilde av øye der ny blank hornhinne er sydd på.Transplantert hornhinne.Vev som hornhinner, hud og blodårer med klaffar blir òg nytta i transplantasjonar. Hornhinnetransplantasjon er den hyppigaste forma for transplantasjon i verda.

Friske levande donorar kan gi ei nyre, beinmerg og ein del av levra, men dei andre organa og vevstypane som er nemnde, må kome frå ein død donor.

Oppgåver

Aktuelt stoff for