Fagstoff

Samandrag – kroppen sitt forsvar

Publisert: 21.04.2014, Oppdatert: 03.10.2017
Forsvar mot infeksjonar

Infeksjonsforsvaret har to hovuddelar:
• Immunforsvaret – det spesifikke forsvaret
• Det medfødte infeksjonsforsvaret – det uspesifikke forsvaret

Tegning av lymfocytter som registrerer og presenterer antigen.B-lymfocytt presenterer antigen frå virus for T-hjelparceller. Etter binding vil T-hjelparcella stimulere deling av B-lymfocytten. 

Tegneserie av tre trinn når celle presenterer antigen for T-drepercelle.Ei virusinfisert celle presenterer antigen på overflata. T-dreparcella (blir òg kalla T-åtakscelle) identifiserer MHC-1 med antigen og drep cella. 

Tegneserie av fagocytt som sluker bakterier og presenterer antigen på overflaten.Fagocytose og presentasjon av antistoff. 

Graf som viser effekten av immunitet.Dersom vi er vaksinerte eller har blitt smitta tidlegare, syter minnecellene for så rask respons andre gong vi blir smitta av den same sjukdommen, at vi ikkje rekk å bli sjuke. Det er immunitet. 

Plansje med oppsummerende stikkord for medfødt forsvar.Medfødt uspesifikt forsvar. 

Firedelt bilde som viser stadier i frigjøringen av virus gjennom cellemembranen.HIV-virus blir frigjorte frå ein T-lymfocytt etter å ha formeira seg der. 

Spill om å bekjempe sykdommer.Spel – kjemp mot sjukdommar.

Immunrespons

Når mikroorganismar går til åtak på kroppen, kallar ein dette for ein infeksjon. Immunforsvaret går til åtak på mikroorganismane med ein immunrespons. Immunresponsen kan føre til aktivering av mange typar kvite blodceller, og desse cellene kan styrast mot infeksjonsstaden med kjemotaksiTaksiar er retningsbestemte rørsler som er styrte av ytre stimuli. Når slike rørsler er utløyste av kjemiske stoff, blir dei kalla kjemotaksiar..

Celletypar som høyrer til immunforsvaret

  • B-celler (B-lymfocyttar) har antistoff på overflata. Når dei blir aktiverte, utviklar dei seg til plasmaceller som slepp ut store mengder antistoff i blodet.
  • T-celler (T-lymfocyttar) kontrollerer aktiviteten i immunforsvaret. T-hjelparceller er svært viktige i denne kontrollen og kan aktivere B-celler og andre T-celler. Cytotoksiske T-celler (T-dreparceller) drep celler som er infiserte av virus eller som har ein feilfunksjon, medan T-regulatorar hindrar allergi og autoimmunitet.
  • Makrofagar og granulocyttar  "et" mikroorganismar som finst i kroppen og presenterer delar av mikroorganismane på utsida. Det er denne typen antigenpresentasjon som er nødvendig for å aktivere B-celler og T-celler.

Antistoff

Antistoff bind seg til antigen.Antistoff kan feste seg på overflata til mikroorganismar. Dette får dei til å klumpe seg (agglutinere) og hjelper cellene i immunapparatet til å gå til åtak. Antistoff kan òg brukast i kjemiske testar for å påvise sjukdommar.

T-celler avslører infiserte celler

Antistoffa kan ikkje få tak i virus eller bakteriar som har kome seg innanfor ein cellemembran (inni ei celle). T-cellene kan likevel oppdage og drepe infiserte kroppsceller fordi desse presenterer bitar av inntrengjaren på overflata si ved hjelp av MHC.

Immunitet

Når immunapparatet har gått til åtak på ein mikroorganisme, blir det danna minneceller av T-celler og B-celler. Desse gjer at vi blir immune mot sjukdommen.

Vi kan òg bli immune gjennom vaksinering, det vil seie at kroppen får tilført daude eller svekte mikroorganismar som ikkje kan gjere oss sjuke, men som likevel gjer oss immune.

Allergi

Dersom immunsystemet går til åtak på ufarlege stoff, blir det kalla allergi. Typiske allergiar er mot pollen, nøtter eller nikkel. Ein allergisk reaksjon gir omtrent dei same symptoma  som ein infeksjon, slik som rennande nase, utslett, kløe, brekkingar eller diare.

Video om allergiar  

Det medfødte infeksjonsforsvaret

Det medfødte infeksjonsforsvaret består av kjemiske, biologiske og fysiske barrierar og komplementsystemet. Lysozym og magesyre er døme på kjemisk barrierar.

Fagocytterande celler (eteceller), slik som makrofagar, nøytrofile granulocyttar og dendrittiske celler er biologiske barrierar. Ein annan type biologisk barriere er den naturlege bakteriefloraen. Hud og slimhinner er fysiske barrierar.

KomplementsystemetKomplementsystemet – celledød.Komplementsystemet er eit system av mange protein som saman med antistoff og fagocyttar bidreg i prosessen med å fjerne sjukdomsframkallande organismar. Proteina i komplementsystemet blir aktiverte i ein bestemt rekkjefølgje, mellom anna av visse antigen–antistoff-reaksjonar. Komplementsystemet forsterkar mange immunreaksjonar og blir nøye kontrollert av ei rekkje protein. Viss komplementsystemet blir aktivert på overflata av celler, for eksempel bakteriar eller raude blodceller, blir cellemembranen på denne staden øydelagd, og cella døyr. er òg ein del av det medfødte infeksjonsforsvaret og verkar ved at det festar seg på overflata til mikroorganismar og punkterer cellene.

Unngår immunsystemet

Det finst mikroorganismar som har spesialisert seg på å unngå immunforsvaret. Døme er Leprabasillen som lever inne i cellene og forårsakar spedalsksykje, og HIV-viruset som går til åtak på T-hjelparcellene slik at immunforsvaret sluttar å verke.

Sjukdommar som ikkje skuldast infeksjonar

Røntgenbilde av hender med betennelse i leddene.Røntgenbilde av hender med leddgikt.Det er mange sjukdommar som har andre årsaker enn infeksjonar.

Det gjeld til dømes dei autoimmune sjukdommane diabetes, psoriasis og revmatisme.

Oppgåver

Aktuelt stoff