Fagstoff

Medfødt infeksjonsforsvar – biologiske og kjemiske barrierar

Publisert: 10.04.2014, Oppdatert: 02.10.2017
Et barn beskyttet i en glasskuppel

Det medfødte infeksjonsforsvaret består av meir enn heil hud og friske slimhinner. Den naturlege bakteriefloraen vår og celler som kan ete og øydeleggje mikroorganismar, dannar biologiske barrierar, medan magesyre og tårevæske med enzym er ein del av dei kjemiske barrierane. I tillegg er vi fødde med ein heil hær av protein som kan "punktere" inntrengjarar. Desse proteina blir kalla komplementsystemet.

E. coli-bakteriar formeirer seg i tarmen. Desse er ein del av den naturlege bakteriefloraen i tarmen vår. 

 

Plansje med oppsummerende stikkord for medfødt forsvar.Medfødt uspesifikt forsvar. 

 

Granulocyttar. 

 

Et sår med gulgrønt verk og rød hud rundt såret..Puss eller verk i eit betent sår består av lymfe, daude og levande kvite blodceller (mest nøytrofile granulocyttar), daudt vev, bakteriar eller andre framandelement.  

 

En mann gråter. Nærbilde av øye med tårer.Auge med tårer. Enzymet lysozym i tårevæska vernar auget mot åtak frå bakteriar. 

 

This node does not support insertion type thumbnail 

 

Tegning av hudsnitt med skade.Makrofagar blir tiltrekte av stoff som blir sende ut av skadde celler (kjemotaksi). Komplementsystemet deltek òg i kampen mot inntrengjarar, samtidig som dei tilkallar celler i immunapparatet ved hjelp av kjemotaksi. 

Biologiske barrierar

Kroppen inneheld mange bakteriar som er heilt nødvendige for at vi skal halde oss friske. Det er vanleg at vi har om lag 1–3 kilo bakteriar i og utanpå kroppen. Dersom vi reknar med bakteriefloraen i tarmen, er det om lag ti gonger så mange bakteriar som menneskeceller i kroppen vår. Men fordi bakteriane er så små, utgjer dei berre ein liten del av massen vår.

Nyttige bakteriar, antibiotika og soppinfeksjon.Bakteriane på huda og i tarmen er nyttige for oss på mange måtar, og dei dannar ein biologisk barriere mot infeksjonar. Mjølkesyrebakteriane er eit døme på bakteriar som har viktige funksjonar i kroppen vår, og blir brukte som probiotika. Dei kan til dømes senke pH på slimhinner ved å produsere mjølkesyre, og skapar slik eit miljø der bakteriane ikkje trivst.

Cellulært forsvar
som er ein del av det medfødte infeksjonsforsvaret

Ein makrofag et bakteriar.Makrofagar, dendrittiske celler og nøytrofile granulocyttar er alle døme på såkalla "eteceller" (fagocyttar). Desse cellene "et" celler, bakteriar og virus som skal fjernast frå kroppen. Vi kan rekne dei som ein del av det medfødde infeksjonsforsvaret sjølv om dei òg samarbeider med immunforsvaret, til dømes ved å presentere antigen for T-celler.

Mastcellene kan starte immunrespons mot mellom anna parasittar. Ved akutt allergi (ein reaksjon som kjem med éin gong ein får kontakt med et allergen) er mastcellene med på å gi kløe og inflammasjon. Mastcellene er òg knytt til immunsystemet, ettersom dei kan bli aktiverte av antistoff.

NK-celler (Natural killer cells) drep cellar som manglar MHC-1, og dermed oppfattes som fremmede celler eller som celler med feilfunksjon. Når cellene i kroppen får en virusinfeksjon eller begynner å dele seg ukontrollert (som ved kreft), vil de ofte få lite MHC-1 på overflaten. Det antas derfor at NK-cellene er viktige for å unngå disse sykdommene.

Kjemiske barrierar

Innsiden av en magesekk med rosa slimhinner.Magesekk med friske slimhinner og magesyre.Magesyra og tårevæska er døme på kjemiske barrierar som mikroorganismar må forsere for å kome seg inn i kroppen. Mange mikroorganismar blir drepne av den sterke magesyra (pH 1–2).

Tårevæska og slimet på slimhinner inneheld enzymet lysozym, som angrip bakteriar. Lysozym øydelegg celleveggen til bakteriane og er effektiv mot nokre, men ikkje alle typar bakteriar.

Komplementsystemet

Tegning av cellemembran som blir punktert.Komplementsystemet – celledød. Blodet inneheld ei gruppe protein som blir kalla komplementsystemet. Desse proteina kan samarbeide med resten av immunsystemet og punktere cellemembranen i mikroorganismane. Komplementproteina er normalt løyste i blodplasmaSentrifugert blodprøve.Blodplasma utgjer litt meir enn halvparten av det totale blodvolumet og er det som er igjen når blodcellene er fjerna. Blodplasma er samansett av vatn og oppløyste stoff, som næringsstoff, avfallsstoff, ion, hormon og fibrinogen. Fibrinogen verkar saman med blodplatene og stoppar blødingar..

Når det kjem ei framand celle inn i kroppen, kan proteina i komplementsystemet feste seg på overflata og starte ein kjedereaksjon som øydelegg cellemembranen.

Når det sit antistoff på overflata til inntrengjaren, kan komplementproteina feste seg mykje lettare. I tillegg til å gå til åtak på framande celler kan komplementsystemet trekkje til seg cellene i immunapparatet ved hjelp av kjemotaksiTaksiar er retningsbestemte rørsler som er styrte av ytre stimuli. Når slike rørsler er utløyste av kjemiske stoff, blir dei kalla kjemotaksiar., g aktivere dei slik at dei går til åtak.

I motsetnad til immunsystemet kan ikkje komplementsystemet tilpasse seg ulike mikroorganismar, men er ein del av det medfødde og mindre spesifikke infeksjonsforsvaret.

Relatert innhald