Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Fotballshop

Denne tverrfaglege heildagsprøva tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke.
Bilde av Brannsupportere.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skildring av case

FotballShop starta i 3. etasje på Oslo City i 1995, og har frå byrjinga hatt som mål å selje supporterutstyr og effektar frå alle lag i verda. Gjennom åra har FotballShop opparbeidd eit nært samarbeid med dei største klubbane i Europa, og det har gjort det mogleg for butikken å kunne tilby produkt frå mange forskjellige lag rundt om i verda. I 2004 blei det i tillegg opna ein ny butikk på Ullevaal Stadion, i 2005 opna nettsida fotballshop.no, og i 2006 opna ein butikk i Tønsberg.

Alle FotballShop-butikkar og internettbutikken er sjølvstendige butikkar. Dette vil seie at til dømes utvalet og prisane varierer frå butikk til butikk.

Sjå meir informasjon på fotballshop.no.

I 2010 opna FotballShop endå ein butikk i Storgata i Hønefoss. Du har no teke over som eigar av butikken. På grunn av konkurranse i marknaden ønskjer du no å gjere ein del tiltak for å betre framtida for butikken.

Konkretisering av læreplanmål og vurderingskriterium

Programfaget Marknadsføring og sal les meir
Konkretisering
Nivå 1 (1–2)
Nivå 2 (3–4)
Nivå 3 (5–6)

Lage ein marknadsplan med alle delar som skal vere med i han (bortsett frå handlingsplanen). Dette vil seie:

- lage ein situasjonsanalyse

- lage marknadsmål

- finne målgruppe

- bruke konkurransemidlane/ marknadsmiks

- presentere marknadsplanen og bruke hjelpemiddel som til dømes PowerPoint

Lage ein marknadsplan for ei bedrift (bortsett frå handlingsplanen). Dette vil seie:

- lage ein situasjonsanalyse. Eleven kan enkelt forklare kva ein skal gjere, og veit forskjellen på interne og eksterne arbeidsvilkår.

- kjenne til marknadsmål

- vite kva målgrupper er, og kan gi døme

- ha kjennskap til konkurransemidla

Lage ein enkel marknadsplan for ei bedrift (bortsett frå handlingsplanen). Dette vil seie:

- lage og forklare ein situasjonsanalyse

- føreslå marknadsmål

- finne målgruppa/

målgrupper og forklare kvifor dei er målgruppe

- vise korleis konkurransemidla kan brukast

Lage ein marknadsplan med klare samanhengar mellom dei forskjellige delane (bortsett frå handlingsplanen). Dette vil seie:

- lage og forklare ein situasjonsanalyse, og føreslå kva ein skal gjere med denne

- lage og grunngi marknadsmål basert på den informasjon du har skaffa

- bruke informasjonen som du har skaffa, og finne og vurdere målgruppe/

målgrupper

- velje bruk av konkurransemidla som passar ut frå den informasjonen du har skaffa, og grunngi bruken av dei

Programfaget Økonomi og administrasjon les mer
Konkretisering
Nivå 1 (1–2)
Nivå 2 (3–4)
Nivå 3 (5–6)

Vurdere rentabiliteten, likviditeten og finansieringa til bedrifta

Forklare omgrepa rekneskapsanalyse, rentabilitet, likviditet og finansiering.

Gi døme på kva krav som blir stilte til rentabilitet, likviditet og finansiering.

Vurdere rentabiliteten, finansieringa og likviditeten til bedrifta opp mot krava.

Føreslå tiltak for å forbetre resultatet og den økonomiske stillinga til bedrifta.

Programfaget Tryggleik les mer
Konkretisering
Nivå 1 (1–2)
Nivå 2 (3–4)
Nivå 3 (5–6)

- tryggleiksmål for fysisk sikring

- risikoanalyse

- risikonivå

- sannsyns-reduserande tiltak

- konsekvens-reduserande tiltak

- handlingsplan

Gjere greie for fasane i ein risikoanalyse og gjennomføre ein enkel risikoanalyse.

Gjere greie for forskjellen på sannsyn og konsekvens.

Gjere greie for kva tiltak er.

Gjere greie for kva ein handlingsplan er.

Kunne gjennomføre og forklare ein risikoanalyse.

Forklare kva sannsyns-reduserande og konsekvens-reduserande tiltak er.

Forklare og tilrå tiltak i ein handlingsplan.

Kunne gjennomføre og vurdere/drøfte ein heilskapleg og systematisk risikoanalyse.

Vurdere sannsyns-reduserande og konsekvens-reduserande tiltak.

Kunne vurdere og drøfte tiltak i ein handlingsplan ut frå risikoanalysen og føresetnadene som ligg til grunn for casen.

Følgjande oppdrag skal løysast på sjølve tentamensdagen

Tidsramme: 3 timar

Oppdrag 1 – Marknadsføring og sal

For å få ei oversikt over situasjonen og eit godt utgangspunkt for vidare arbeid skal du gjere følgjande:

  1. Lage ein situasjonsanalyse.
  2. Lage og grunngi marknadsmål og målgrupper.
  3. Definere og velje bruk av konkurransemiddel.

Oppdrag 2 – Økonomi

Rekneskapsanalysen for FotballShop i Hønefoss viser:

Tabell som viser regnskapsanalyse for FotballShop.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Berekning av nøkkeltal

Tabell som viser beregning av nøkkeltall for FotballShop.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Forklar omgrepa rekneskapsanalyse, rentabilitet, likviditet og finansiering.
  2. Gi døme på kva krav som blir stilte til rentabilitet, likviditet og finansiering.
  3. Vurder rentabiliteten, finansieringa og likviditeten til bedrifta opp mot krava.
  4. Føreslå tiltak for å forbetre resultatet og den økonomiske stillinga til bedrifta.

Oppdrag 3 – Tryggleik

Fleire butikkar i Hønefoss sentrum har nyleg vore plaga av innbrot. Du ønskjer derfor å oppdatere lokala når det gjeld fysisk sikring, for å unngå eventuelle tap av materielle verdiar.

  1. FotballShop er generelt godt sikra, men ved inspeksjon ser du at inngangsdøra treng ei oppdatering. Dette er den einaste tilkomsten til butikken – og han går rett ut mot gateplan. Det er også dårleg belysning ved inngangspartiet. Elles er det eit større utstillingsvindauge ut mot gata. Du tek også for deg tryggleiken innandørs – her kan du lage dine eigne føresetnader. Ta utgangspunkt i akseptkriteria som er utarbeidde for den uønskte hendinga og gjennomfør ein risikoanalyse (sjå vedlegg).
  2. Lag ein handlingsplan der du kjem med ulike tiltak for fysisk sikring.

Vedlegg

Akseptkriterium for materielle verdiar

  • GRØN - Ikkje fare for innbrot.
  • GUL - Forsøk på innbrot/innbrot med avgrensa skade. Uønskt hending hindrar ikkje den daglege drifta.
  • RAUD - Butikken blir totalskadd.

Vurder sannsyn og konsekvens ut frå desse tabellane

Grad av sannsyn

Uønskt hending: innbrot

Lite sannsynlegSjeldnare enn 1 hending per 10. år
Mindre sannsynleg1 gong per 10. år eller oftare
Sannsynleg1 gong per 5. år eller oftare
Ganske sannsynleg1 gong per 3. år eller oftare
Svært sannsynlegMeir enn 1 gong per år eller oftare

Grad av konsekvens

Økonomisk tap av materielle verdiar. Total verdibehaldning og inventar kr 1 250 000.

Høg
  • Katastrofalt
  • Svært kritisk
  • All materiell verdi er tapt.
  • Over 80 prosent av materiell verdi er tapt.
Middels
  • Farleg
  • Mindre farleg
  • 40–80 prosent av materiell verdi er tapt.
  • 20–40 prosent av materiell verdi er tapt.
Låg
  • Ufarleg
  • Mindre enn 20 prosent av materiell verdi er tapt.
CC BY-SASkrive av Heidi Bukten og Britt Wathne Nygård.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver