Fagstoff

Danning av gallestein

Publisert: 31.03.2014, Oppdatert: 29.09.2017
Gallestener

Gallestein blir danna i galleblæra eller gallegangane, og nesten halvparten av alle menneske får gallestein i løpet av livet. Førekomsten aukar når vi blir eldre. Dei fleste steinane er så små at dei blir skylde ut med gallen, men større steinar kan fastne og gje store smerter.

Dette er gallestein

Galle er ei væske som blir brukt i fordøyelsen. Gallesteinar er krystall som blir danna av stoff i gallen, ved krystallisering. Steinane inneheld blant anna kolesterol, bilirubin og kalk.

Det er ikkje heilt kjent kvifor somme får mange og store gallesteinar og andre ikkje får det, men i simuleringa nedanfor kan du sjå korleis krystall blir danna.

Video om gallestein 

Oppgåve: Metting – krystallisering

Her kan du løyse opp ulike stoff i vatn. Det er ikkje desse stoffa som finst i galle, men prinsippet for krystallisering er det same. Finn ut alt du kan gjere med simuleringa, og svar på spørsmåla nedanfor.

 

Spørsmål til ettertanke

  • Kva er ei løysning i denne samanhengen?
  • Kva er konsentrasjon, og korleis opplyser vi det i denne simuleringa?
  • Er det mogleg å løyse opp kor mykje stoff som helst? Om ikkje, kva skjer når det ikkje kan løysast meir?
  • Kva tyder det at ei løysning er metta?
  • Er alle løysningar metta ved same konsentrasjon?
  • Kva skjer ved fordamping?
  • Kva er fortynning, korleis kan det gjerast, og kva skjer?
  • Kva er krystallisering, og når skjer det?
Relatert innhald

Aktuelt stoff