Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Varehuset AS

Du er HR-ansvarleg i Varehuset AS og blir beden om gjere greie for verdikjeda i bedrifta, komme med forslag til kvalitetsforbetringar og gjere greie for og vurdere organisasjonsplanen.
Handler
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å vurdere bedriftskultur og leiarstil, introduksjonen av nytilsette og skjema for medarbeidarsamtalar høyrer også med til oppdraget ditt.

Oppgåve

I denne oppgåva arbeider du i eit større varehus med ei golvflate på 6000 kvadratmeter og 30 tilsette. Varehuset har det meste frå daglegvarer med eiga ferskvareavdeling og eige bakeri, elektronikk, klede, leiker, sko, jernvarer, hobbyartiklar og nokre byggjevarer. I tilknyting til bakeriet har varehuset eigen kafé.

Du har forskjellige roller i denne oppgåva. Hovudrolla di er HR-ansvarleg, og du deltek også i leiargruppa.

a. Gjer greie for verdikjeda i Varehuset AS.

Det har oppstått ein del problem i varehuset. Det har hendt at kafeen har vore ubemanna i opptil éin time nokre laurdagar fordi tilsette har komme for seint på jobb. Det har også oppstått unødvendig lange køar i kassa somme laurdagar fordi tilsette har snike seg til ti og femten minutt lengre lunsjpause enn dei har hatt krav på. Mange av dei tilsette synest det er greitt å snike seg til lengre pause. Somme nytilsette har gjort feil i kassa fordi dei ikkje kjenner systema godt nok. Det har også blitt gjort ein del feil under innkjøp på grunn av for lite kjennskap til systema. Dette har ført til at varehuset er blitt utselt for viktige varer, men det ligg også for mykje av somme varer på lageret.

b. Lag forslag til forbetringar for å sikre betre kvalitet.

Varehuset AS er delt inn i fleire avdelingar, men har felles inngangsparti og felles kasser. Det blir leidd av ein dagleg leiar som direkte under seg har ein daglegvaresjef, ein ferskvaresjef, ein sjef for elektroavdelinga, ein sjef for klede, skotøy og leiker og ein sjef for jernvarer, hobbyartiklar og byggjevarer. Økonomi- og personalavdelinga er også direkte underlagd dagleg leiar og yter tenester til resten av organisasjonen.

c. Korleis vil du skildre organisasjonsplanen til Varehuset AS, og kva er fordelane og ulempene med denne organisasjonsforma?

Dagleg leiar gir lite informasjon til dei tilsette. Han tek alle avgjerdene sjølv utan noka særleg innblanding frå dei tilsette. Han er oppteken av kontroll, og dei tilsette føler seg lite motiverte. Mellom dei tilsette er det ofte ein uhøgtidleg tone, men kommunikasjonen mellom leiarar og andre tilsette dreier seg for det meste berre om arbeidsoppgåver. Utanom det er det liten kontakt mellom dei to «gruppene».

d. Kan du ut frå opplysningar som er gitte i oppgåva, seie noko om leiarstilen til dagleg leiar og bedriftskulturen i Varehuset AS? (Lag dine eigne føresetnader dersom du meiner at du manglar opplysningar.)

Som HR-ansvarleg skal du i løpet av dagen gjere følgjande:

e. Lage ei sjekkliste eller eit skjema for introduksjon av nytilsette.

f. Lage eit skjema som skal brukast i samband med medarbeidarsamtalar.

Vurdering

Når oppgåvesvaret blir vurdert, blir det lagt vekt på om du oppfyller følgjande punkt:

Nivå 1Nivå 2Nivå 3
Gjer greie for omgrepa verdikjede og kvalitetssikring.Gjer greie for verdikjeda, føreslår kvalitetsforbetringar og framgangsmåte for kvalitetssikring for Varehuset AS.Vurderer dine eigne forslag.
Viser kjennskap til organisasjonsformer.Gjer greie for organisasjonsforma til Varehuset AS.Vurderer fordelar og ulemper med organisasjonsforma til Varehuset AS.
Gjer greie for omgrepa leiarstil og bedriftskultur.Skildrar leiarstilen til dagleg leiar og bedriftskulturen hos Varehuset AS.Vurderer kva leiarstilen har å seie i organisasjonen. Vurderer kva bedriftskulturen har å seie i organisasjonen.
Viser kjennskap til prinsipp for personalutvikling.Lagar eit forslag til skjema/sjekkliste som blir brukt ved nytilsettingar.
Lagar eit skjema som kan brukast ved medarbeidarsamtalar.
Vurderer innhaldet i skjemaa.
CC BY-SASkrive av Sigmund Bårdvik.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver