Hopp til innhald

Fagstoff

Effekt

Vi får ikkje utført noko elektrisk arbeid utan at vi har ei spenning som driv ein straum gjennom forbrukaren.

Når vi slår på lysbrytaren i huset vårt, koplar vi 230 V inn på leidningen til lyspæra. No vil det flyte ein elektrisk straum gjennom lampa. Lampa vil lyse kraftig når det går mykje straum, og svakare når det går mindre straum.

Straum og spenning bestemmer kor stor effekten er. Dette gir oss ein effektformel: effekt = spenning multiplisert med straum (P = U · I).

Vi måler effekt i watt, forkorta W.
Symbolet for effekt er P (Power).

Kor stor effekt blir utvikla når eit apparat er tilkopla 230V, og straumen blir målt til 10A?

P = U · I = 230V · 10A = 2300W

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2018

Læringsressursar

Elektrisitet