Fagstoff

Vaksinar og serumbehandling

Publisert: 26.03.2014, Oppdatert: 22.09.2017
Ung dame får svineinfluensavaksine

Einskilde sjukdommar er så farlege at vi bruker vaksinar til å aktivere immunforsvaret for å bli betre beskytta. I Noreg er dei fleste barn vaksinerte mot sjukdommar som stivkrampe og meslingar. Ettersom virus endrar seg så hyppig, må ein utvikle nye influensavaksinar for kvar sesong. Befolkninga sett under eitt tener på at dei fleste vaksinerer seg, men nokre få får biverknader.

Image showing the thumbnail for content named \"Vaksinering\"Vaksinering, ein interaktivitet med noko forenkla framstilling av binding mellom antistoff og antigen. 

 

Vaksine er førebyggjande og gir aktiv immunitet.

 

Flere sprøyter og vaksinedoser.Før reiser til område der det førekjem særskilde smittsame sjukdommar, må ein vaksinerast både for å unngå å bli sjuk, og for ikkje å ta med seg smitte heim. Slike vaksinar kan til dømes vere mot malaria, rabies, flekktyfus og gulfeber. 

 

Video om Vaksiner 

 

Spill om å bekjempe sykdommer.Spel – kjemp mot sjukdommar.  

 

Serumbehandling blir nytta til å behandle sjuke, eller for å gi kortvarig immunitet.

 

Hoggorm med siksakmønster.Hoggorm. Serumbehandling blir nytta mot stivkrampe, difteri, botulisme, visse tropiske virussjukdommar, og slange- og edderkoppbit. 

Vaksinar – aktiv immunitet

Ein vaksine er laga av mikroorganismar som er drepne eller svekte slik at dei ikkje kan gjere oss sjuke. Immunapparatet vil likevel reagere som om vi var smitta, slik at det blir danna antistoff og B- og T-minneceller. Graf som viser effekten av immunitet.Vaksinering gir den same produksjonen av antistoff som når vi blir smitta, utan at vi blir sjuke.Dermed vil kroppen reagere raskt og effektivt med antistoffproduksjon mot antigenet dersom vi blir smitta av den ekte sjukdommen seinare.

Vaksinar gjer oss immune utan at vi må bli sjuke først.

 

Vaksinasjonsprogram

Tre kropper med trinn mot immunitet. I Noreg og i mange andre land har eit vaksinasjonsprogram for barn sytt for at mange alvorlege sjukdommar på det næraste er utrydda, og barnedødelegheita har vist ein markert nedgang.

Biverknader

Vaksinering er ikkje heilt utan risiko. Einskilde får uønskte biverknader som allergiske reaksjonar, men alvorlege biverknader er sjeldne. Risikoen vi tek ved å la oss vaksinere, er ekstremt mykje lågare enn risikoen ved å få sjølve sjukdommen.

Vaksinen mot svineinfluensa

Vaksinen mot svineinfluensa

Tidose, enkeltdose og strøyte med vaksine.Vaksine mot svineinfluensa – Pandemrix.Då helsemyndigheitene venta ein alvorleg epidemi av svineinfluensa, blei det tilrådd massevaksinering. Vaksinen PandemrixPandemrix skil seg frå andre influensavaksinar på tre punktDen inneheldt eit anna virus, eller rettare sagt daude virusfragment, nemleg frå svineinfluensaviruset A(H1N1).blei distribuert i tidoseglas i staden for enkeltdosar på grunn av tidspress. Konserveringsmiddelet tiomersal måtte difor tilsetjast i vaksinen, for å unngå bakterie- og soppvekst.1var òg tilsett ein adjuvans (skvalen AS-03) i vaksinen, eit stoff som skulle stimulere immunforsvaret ekstra, og kompensere for lite virusmateriale i kvar dose.Vaksine mot svineinfluensa – Pandemrix.Kvifor nokon fekk narkolepsi er enno ikkje fullstendig avklart, men forskarane nærmar seg svaret. Mykje tyder på at det er sjølve H1H1-viruset saman med den ønskte kraftige immunreaksjonen skapt av adjuvansen, som har forårsaka ein autoimmun reaksjon hjå individ som er genetisk disponerte for å få narkolepsi.2 Hjå desse har immunsystemet begynt å angripe celler i hjernen som produserer eit stoff som stimulerer vakenheit. Dette stoffet, hypokreting, har protein som liknar eit protein i H1N1.3 1. Svineinfluensa – noen tanker om massevaksinasjonen (2012), Gunnar Tjomlid 2. Én av fire nordmenn er disponert for narkolepsi (2014), Susanne Lysvold, Steinum Sigurd, and Budalen Andreas , Publisher: NRK Nordland3. Ting jeg har endret mening om – del 2 (2014), Gunnar Tjomslid var ny, men testing tydde på at den skulle vere trygg. I 2009 og 2010 blei 2,2 mill. nordmenn vaksinerte mot svineinfluensa. Det blei rapportert inn 583 (0,026 %) alvorlege biverknader1 av dette 45 barn som så langt har fått erstatning for narkolepsi2 (sovesyke).

Mykje tyder på at det er sjølve H1H1-viruset saman med ein kraftig immunreaksjon som har forårsaka ein autoimmun reaksjon hjå individ som er genetisk disponerte for å få narkolepsi.3 Det har òg oppstått nye tilfelle av narkolepsi hjå dei som ikkje er vaksinerte, men desse tilfella av biverknader , har naturleg nok ført til større skepsis til vaksinar.

skjul

 

Bør vi vaksinere?

Det er ingen tvil om at vaksinering reddar mange liv kvart år. Vaksinering er lønnsamt for befolkninga sett under eitt. Når dei aller fleste er vaksinerte mot ein sjukdom, vernar det òg dei som ikkje er vaksinerte fordi sjukdommen blir så sjeldan (flokkvern).

USA-kart med navn på statene. I USA rekna forskarar ut at influensavaksinen hindra over 13 millionar sjukdomstilfelle frå 2005-2011. I tillegg hindra vaksinen nesten 6 millionar legebesøk og rundt 113 000 innleggingar på sjukehus i samband med influensa.4 

Massevaksinering

Massevaksinering

Då det blei bestemt at ein skulle gjennomføre massevaksinering mot svineinfluensa, stod myndigheitene overfor eit scenario der ein var redd for at mange ville døy av svineinfluensaen. Tidlegare influensapandemiar, som Spanskesykja, har vore svært dødelege, og vaksinering er det einaste ein kan gjere for å beskytte seg. Det var hovudsakleg yngre folk som døydde av svineinfluensa. Ein reknar med at mange eldre hadde ein viss immunitet etter at dei hadde vore utsett for liknande smitte tidleg på 1900-talet.

Ung jente sover på en sofa.Emilie er eitt av om lag 800 barn i Europa som har utvikla narkolepsi etter vaksinering med Pandemrix.I dag veit vi at massevaksinasjonen hadde sin pris. Ein kan spekulere på om dei menneskeliva som blei redda og dei som blei spart for alvorlege komplikasjonar etter svineinfluensa, veg opp for dei som blei sjuke av vaksinen, men det er eit umogeleg reknestykke. Vi veit heller ikkje kor mange som ville ha fått narkolepsi av å bli smitta av svineinfluensa. Det vi veit, er at denne vaksinen ikkje hadde blitt valt dersom ein hadde kjent til desse biverknadene på førehand.5
skjul

 

Serumbehandling – passiv immunitet

Ved serumbehandling er det antistoff som er danna i eit immunt individ som blir nytta til å motverke sjukdom hos ein smitta person, eller for å gi kortvarig immunitet. Serum (antiserum) gir ein passiv immunitet som berre varer i eit par månader. Kroppens eige immunforsvar blir ikkje aktivert og det blir difor ikkje danna minneceller. Sentrifugerør med innholdet delt i tre sjikt. Sentrifugert blodprøve.
Serum har ein høg konsentrasjon av antistoff som er reinsa opp frå blodplasma hjå menneske. Det blir injisert for å verne mot skadelege verknader frå bakteriar eller toksin (giftstoff).

Immunglobulinbehandling (serum med fleire typar antistoff) blir òg brukt for å styrkje immunforsvaret til personar med immundefektar.