Fagstoff

Formeiring hos pattedyr

Publisert: 12.03.2014, Oppdatert: 01.08.2017
Baby orangutang med sin mor

Alle pattedyr har indre befruktning. Dei fleste føder levande ungar, men vi finn òg somme artar som legg egg. Morkakedyr er den største gruppa av pattedyr. Morkaka er det organet som forsyner fosteret med næring og oksygen frå mora, og som gjer det mogleg med forlenga indre svangerskap. Som i dei andre dyregruppene er det stor variasjon i korleis dei skaffar seg partnar og fostrar opp avkomma.

Rådyrkalv som dierAlle pattedyr har kjertlar (pattar) som produserer mjølk, og der ungane diar. Derav namnet pattedyr.  

Eggleggende pattedyr, Platypus fra Australia.Nebbdyr høyrer til kloakkdyra. Desse parar seg ved å leggje kloakkopningane mot kvarandre, og dei legg egg i staden for å føde levande ungar.   

Hunnbjørn med sine to avkomHos brunbjørn og løver er det ikkje uvanleg at hannen drep avkommet til andre hannar for å få binna/løvinna brunstig på nytt. 

UlveflokkI ein ulveflokk er det oftast rangordning. Alfa-paret er dominerande og har førsterett til mat, plass og paring. Dei med lågare status må vente eller avstå frå forplantning. 

Gråhval penis som vises over vannetGråkvalpenis som visest under paring. Gråkvalane vandrar til varme, grunne område under paringa. Hoa føder som oftast ein kalv som er cirka fem meter lang og 500 kilo, annakvart år. Dei er drektige i omtrent 13 månader og diar i sju månader. 

En bonobohanne som kjærtegner ei bonobohunneBonoboapane er dei av pattedyra som oppfører seg mest som menneske. Dei bruker sex til meir enn berre å føre genane vidare. Dei bruker det både som påskjønning, for å styrkje samhaldet og for å løyse konfliktar. 

Tabell over de ulike drektighetstidene hos pattedyrTabell over drektighetstid hos ulike pattedyr. 

 

Nyfødd dvergflaggermus på berre to og ein halv centimeter. Nyfødt dvergflaggermus på bare to og en halv centimeter. 

Fellestrekk

Pattedyra er ei gruppe med store variasjonar. Dei lever både i vatn, i lufta, under jorda, i trea og på bakken. Dei varierer òg enormt i størrelse frå ei dvergspissmus på tre gram til ein blåkval på to hundre tonn. Det som kjenneteiknar pattedyra og som har gitt dei namnet, er at dei har mjølkekjertlar (pattar) som dei diar ungane med. Fellestrekk elles er at dei er særkjønna med indre befruktning, dei er varmblodige, dei er som regel pelskledde, og dei pustar med lunger.

Ulike grupper av pattedyr

Kloakkdyra, som er dei mest primitive pattedyra, har mange fellestrekk med krypdyra, blant anna ved at dei legg egg. Pungdyrunge som suger melk fra morens patter i pungenPungdyrunge som syg mjølk frå brystvorta i pungen til mora.Men i motsetning til krypdyra blir ungane til kloakkdyra dia etter klekking.
Pungdyra, som er det neste evolusjonære steget, legg ikkje egg, men dei føder veldig tidleg i fosterutviklinga. Fosteret er festa til mora sine pattar og blir utvikla vidare i pungen til mora.

Morkakedyra føder ungar som i stor grad er ferdig utvikla etter eit lengre svangerskap. Det lange svangerskapet er mogleg sidan morkaka fraktar næring, gassar og avfallsstoff mellom mor og foster.

Brunsttida

Paringa skjer i samband med eggløysing. Eggløysinga blir regulert hormonelt, men blir påverka av både alder, størrelse, kondisjon og ytre faktorar. Perioden der paringa skjer, blir kalla brunst. Kronhjort med sitt haremKronhjort med haremet sitt. Ein hann har fleire hoer som han passar på og parar seg med i brunstperioden på hausten.De fleste av pattedyra lever åleine og treffer artsfrendar berre i brunsttida, men hos somme artar kan para halde saman heile livet. Det eksisterer ei rekkje ulike strategiar for å vinne gunsten til hoene. Det er vanlegast at hannane konkurrerer om hoene, og at hoene vel blant hannane.

Hannane kan slåst om hoene, dei kan vurdere kven som er sterkast, utan å gå i kamp, og dei kan forsvare harem og territorium. Dei kan òg ha utvikla spesielle trekk som hoene vel dei på grunn av (for eksempel lydar og oppvisningar).

Fosterutvikling hos morkakedyr

Etter at ei av sædcellene til hannen har vunne kappløpet fram til egget, vil det befrukta egget feste seg i livmora. Her ligg det godt beskytta inne i eit væskefylt rom omgitt av ei fosterhinne, som hindrar uttørking. Ein navlestreng blir utvikla mellom morkaka og navlen til fosteret. Gjennom denne forbindelsen utvekslar mor og foster avfall, næring og gassar ved diffusjon.Tegning av morkake og foster i livmor.Livmor, navlestreng og morkake. 
Drektigheitstida (frå egget blir befrukta og fram til fødsel) varierer frå art til art. Drektigheitstida er som oftast kort hos små artar og lang hos store. Hos enkelte artar har dei òg noko som blir kalla forseinka fosterutvikling, der det befrukta egget blir halde igjen litt før det fester seg i livmora.

Dette er ei tilpassing til å gå svanger og føde ungar på den mest gunstige årstida og er relativt vanleg hos hjortedyr og mårdyr. Flaggermusene har ikkje forseinka fosterutvikling, men hoa lagrar sædcellene i kroppen inntil forholda er så gunstige at eggløysinga kan setjast i gang. Sjølve befruktninga skjer altså ikkje før i mai–juni sjølv om paringa skjedde hausten før.

Yngelpleie

Dei fleste pattedyr får relativt få avkom som kvar krev store investeringar, og då hovudsakleg frå mor (svangerskap og amming). Sjøløveunge som diar.Det er derfor ikkje uvanleg at hannane stikk frå omsorga for å pare seg med nye hoer, noko som gjer at monogami ikkje er så utbreidd.


Hos rovdyrpattedyr som bjørn og gaupe blir ungane fødde nakne, blinde og hjelpelause, og dei må vernast i eit hi. Ved fødsel er bjørneungane berre 300–500 gram, men når dei forlèt hiet etter fire månader, er dei fire kilo. Hos andre artar, som hos hjortedyr, er ungane i stand til å følgje mora raskt etter fødsel, men dei diar i ein lengre periode. Når ungane er sjølvstendige, er dei ofte òg utvaksne.

Flaggermusmødrene flytter saman i store ynglekoloniar for å føde. Ungane blir fødde blinde og nakne, men etter tre til fem veker er dei avvente og flygedyktige. Då dreg mor vidare til fordel for ny kurtise og paring. Hos primata er omsorga for ungane høgt utvikla, og ungane held saman med dei vaksne i ein mykje lengre periode.

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Aktuelt stoff for

Aktuelt stoff