Fagstoff

Utviklinga av immunsystemet

Publisert: 04.03.2014, Oppdatert: 02.08.2017
Barn smiler og dier

Når eit barn blir født, har det allereie eit immunsystem, men i dei første månadene er det òg avhengig av immunsystemet til mora. Under svangerskapet blir antistoff frå blodet til mora overførte til barnet sitt blod gjennom morkaka. Det er òg antistoff i morsmjølka som beskyttar slimhinnene til barnet, men i løpet av nokre månader må immunsystemet til barnet ta over sjølv.

En baby som sutter på en bamse.Små barn kjem i kontakt med mange mikroorganismar sidan dei gjerne puttar "alt" i munnen.

Smittestoff gir motstandskraft?

I løpet av det første året får barnet immunitet mot dei fleste mikroorganismane som finst i miljøet. Det er spekulert i om åtferda barn har der "dei puttar alt i munnen", er ein del av opptreninga av immunsystemet.

Det kan hende at barn treng å bli utsette for smittestoff for å få god motstandskraft, men det er ei grense for kva som er gunstig. Somme smittestoff er nemleg ekstra farlege for små barn sidan immunapparatet deira ikkje er ferdig utvikla.

Tegning av mann med påtegnet lymfesystem med årer og knuter.Lymfesystemet hos menneske. 

Bilde av en person påtegnet organer for immunsystemet.Organ som er viktige for immunforsvaret.  

En nakke med tydelige kuler på grunn av hovne lymfekjertler.Hovne lymfekjertlar på halsen.

Lymfatisk vev: milt, lymfeknutar og mandlar

Modell av lymfekjertel.Modell av lymfeknute.Immunforsvaret har sine eigne "forsvarsanlegg" rundt om i kroppen.

Lymfeknutane er organ på størrelse med druer. Dei ligg spreidde rundt i heile kroppen og reagerer på sjukdomsangrep.

Mikroskopbilde fra en lymfeknute med mange mitikondrier og plasmanettverk.Snitt av lymfeknute med mange mitokondriar.Lymfeknutane inneheld store mengder B-celler, T-celler, dendrittiske celler og makrofagar. Når lymfevæska strøymer gjennom lymfeknutane, blir ho filtrert for uønskte partiklar som immunapparatet tek seg av. Ved ein infeksjon vil lymfeknutane av og til hovne opp. Eit typisk eksempel er at lymfeknutane i halsen hovnar opp når ein er forkjølt.


Tegning av fra venstre: tolvfingertarm, bukspyttkjertel og milt.Tolvfingertarm, bukspyttkjertel og milt.Milten har mange av dei same funksjonane som lymfeknutane, men han filtrerer blod i staden for lymfe. Her skjer òg mykje av antistoffproduksjonen.

 

Rød og hoven hals med store mandler.Hovne og såre mandlar.Mandlane er ein tredje type lymfatisk organ. Dei ligg på kvar side i halsen og inneheld mange celler som høyrer til immunapparatet.

Både milt, lymfeknutar og mandlar er eksempel på organ som kan fjernast ved operasjon (på grunn av skade eller sjukdom) utan at immunsystemet blir kritisk svekt.

Relatert innhald

Aktuelt stoff for

Aktuelt stoff