Fagstoff

Regulering av immunsystemet, autoimmunitet og allergi

Publisert: 04.03.2014, Oppdatert: 03.10.2017
Balansering på kabel

Immunsystemet skal reagere raskt og nådelaust mot inntrengjarar og mot celler som har ein feilfunksjon. Samtidig skal ikkje kroppen sine eigne friske celler og dei bakteriane vi er avhengige av, skadast. Dette er ein hårfin balansegang.

Virusinfisert celle og T-lymfocyttCeller identifiserer seg ved hjelp av MHC og presenterer antigen på overflata.  

  • MHC klasse I (MHC-1): finst på alle celler i kroppen som har kjerne, bortsett frå i somme lymfocyttar og fagocyttar
  • MHC klasse II (MHC-2): finst på antigenpresenterande celler (B-lymfocyttar, dendrittiske celler og makrofagar)

Skilje mellom venn og fiende

Kroppen sine eigne celler har spesielle merkeprotein på overflata som blir kalla MHC. MHC klasse I (MHC-1) finst på dei fleste kroppscellene og gjer det mogleg for T-cellene å avgjere om ei celle høyrer til i kroppen eller ikkje. Immunsystemet kan dermed "vite" kva for celler som skal beskyttast, og kva for celler som skal angripast.

Ei celle som er infisert av eit virus eller ein annan mikroorganisme, vil presentere delar av mikroorganismen saman med MHC-1 på utsida av cella. Dette får immunapparatet til å angripe sjølv om mikroorganismen er gøymd inne i kroppen sine eigne celler.

Menneskefoster. Foto.Foster har MHC som er forskjellig fra mora sitt, men eigne system i morkaka hindrar at immunsystemet skader fosteret.  Sidan MHC er forskjellig frå person til person, blir ikkje celler frå andre personar beskytta, men derimot angripne. Dette er viktig ved blodoverføring og ved transplantasjonar.

Transplanterte organ kjem frå ein annan kropp der cellene har framand MHC, og dermed står dei i fare for å bli angripne (avstøytte).

For at ein transplantasjon skal bli vellykka, må immunsystemet til mottakaren dempast med medikament.

Styrt celledød (apoptose).

Styrt celledød

Alle cellene i immunapparatet som fører til reaksjonar mot eigen kropp, blir normalt drepne. Viss ei B-celle produserer antistoff som blir bundne til kroppen sine eigne celler eller protein, vil denne cella bli fjerna ved ein prosess kalla apoptose (styrt celledød).Forstørret bilde av embryotisk fot hvor tær dannes ved hjelp av styrt celledød.Det er styrt celledød som skil tærne frå kvarandre tidleg i fosterutviklinga. 
T-celler som reagerer på kroppen sine eigne celler, blir drepne på same måten.

Styrt celledød skjer gjennom heile livet, men er spesielt viktig i fosterstadiet («definerer eigen kropp»).

Røntgenbilde av hender med betennelse i leddene.Røntgenbilete av hender med leddgikt – autoimmun sjukdom som gir betennelsesreaksjonar i ledda. 

Hud med rødt og skjellete utslett.Psoriasis kjem av angrep på celler i huda.

Autoimmunitet, reaksjonar mot eigen kropp

Somme gonger greier ikkje kroppen å dempe dei delane av immunapparatet som kan angripe eigen kropp. Då kan det oppstå autoimmune sjukdommar, for eksempel sukkersjuke (diabetes type 1), psoriasis og leddgikt (reumatoid artritt).

Video om diabetesmedisin 

Allergi

Når immunsystemet ikkje klarer å skilje mellom venn og fiende, kan vi få allergi. Det vil seie at vi reagerer på ufarlege stoff som om det var sjukdomsframkallande mikroorganismar.

Ung jente med røde hovne øyer.Allergi – hovne auge.Allergi kan oppstå hos både barn og vaksne, og viss ein har éin type allergi, er det ganske vanleg at ein òg får fleire typar. Sitrusfrukter, pollen, kattar, hundar og metallet nikkel er eksempel på ting som mange er allergiske mot.

Bokstavene IgE er rispet på ryggen med for eksempel en negl, og mønsteret  vises tydelig som rød hud.Allergisk hudreaksjon – IgE.Det er mogleg å behandle allergi ved hjelp av vaksinar, men av og til forsvinn allergien utan spesielle tiltak. Ein allergisk reaksjon er ofte ein inflammasjon (betennelsesreaksjon) i auga, nasen, huda eller fordøyingssystemet.

Mastceller – kjemiske "knyttnevar"

Allergisk reaksjon. Mastceller er ein type bindevevsceller som kan flytte på seg, og som finst over alt i hud, slimhinner, i auge, i luftvegar, tarm og årevegger. Mastcellene har mange reseptorar for antistoff (IgE) på overflata.
Når desse antistoffa blir bundne til noko ein er allergisk mot, slepper mastcella ut histamin, eit stoff som set i gang ein inflammasjon slik at vevet hovnar opp og klør. Allergimedisin består vanlegvis av antihistamin, det vil seie stoff som blokkerer effekten av histamin.

Relatert innhald