Fagstoff

Immunforsvaret til slimhinnene

Publisert: 26.02.2014, Oppdatert: 04.08.2017
Makrofag omslutter og bryter ned en bakterie

Sjølv om kroppen har eit immunforsvar som kan ta livet av dei fleste mikroorganismar, så er det best viss vi kan unngå at smittestoff kjem inn i kroppen. Yttersida av kroppen er beskytta av hud. Dei indre overflatene (munn, nase, lunger, kjønnsorgan og fordøyingskanal) er dekte med slimhinner som har eit effektivt "grensevaktsystem". Immunforsvaret i slimhinnene stoppar mikroorganismane før dei kjem inn i sjølve kroppen.

Rørsle i flimmerhår på slimhinnene.  

Et barn dier.Antistoff (IgA) i morsmjølka beskyttar barnet mot dei same mikroorganismane som mora er beskytta mot.

Erverva (tillært) immunitet på slimhinnene

Slimet på slimhinnene fangar opp partiklar og mikroorganismar som dermed kan bli undersøkte av immunapparatet. Bakteriar og virus blir fort dekte av antistoff og angripne av T-celler.

Det er faktisk fleire T-celler i lungene og fordøyingssystemet enn i heile resten av kroppen. Spytt, snørr, tårer og slim frå lungene endar for det meste opp i mage og tarm der dei blir brotne ned slik at immunsystemet i tarmen får kontakt med mikroorganismane som finst i desse væskene. På den måten blir det produsert celler og antistoff skreddarsydde for slimhinnene som skal beskyttast.

To like antistoff bundet sammenAntistoffet immunglobulin A (IgA) finst på slimhinner og i morsmjølk.Kroppen produserer eigne typar antistoff (IgA) som beskyttar slimhinnene og tarmen. Desse er laga slik at dei ikkje blir øydelagde i fordøyingssystemet.

Den same typen antistoff blir òg produsert i morsmjølka, slik at barn blir beskytta mot dei same mikroorganismane som mora er beskytta mot.

Antistoff i slimhinnene.Når mikroorganismar blir nedkjempa på slimhinnene, skjer det utanfor cellevevet. Dermed slepp vi ulempene som følgjer av immunresponsen, slik som feber og inflammasjon.

Makrofager, dendrittiske celler og granulocytter er en del av det uspesifikke forsvaret, men de er også sentrale for å aktivere lymfocytter (det spesifikke forsvaret).

Elektronmikroskopbilde av celle med mange lange utløpere.Dendrittisk celle.

Makrofagar skil ut cytokinar. 

Ein makrofag "et" bakteriar.

Granulocyttar kan bevege seg mot infeksjonsstaden.

Granulocyttar, makrofagar og dendrittiske celler

Det er mange fleire celletypar enn B- og T-celler i immunforsvaret. Oftast er det ein type antigenpresenterande celle som oppdagar inntrengjarar og aktiverer B- og T-celler til å angripe bakteriar eller sjuke celler.

Dendrittiske celler

Tegneserie av dendrittisk celle.Dendrittisk celle fagocyterer (et) bakteriar og presenterer antigen for lymfocyttar på overflata si. 
Ei viktig gruppe antigenpresenterande celler er dendrittiske celler. Dei kan aktivere både B- og T-lymfocyttar og få dei til å angripe ved å presentere antigen for dei (sjå figur).
Dei dendrittiske cellene finst både i blod og i vevet, for eksempel i lymfeknutane.

Makrofagar – "store eteceller"

Tegneserie av fagocytt som sluker bakterier og presenterer antigen på overflaten. Makrofagar kan fordøye både mikroorganismar, døde kroppsceller og kreftceller og er i tillegg antigenpresenterande. Makrofagane finst oftast i cellevev og kan til ein viss grad bevege seg mot ein infeksjonsstad.

Nøytrofile granulocyttar

Mikroskopbilde av kornete celle.Granulocytt som har slukt mange bakteriar.Dei nøytrofile granulocyttane fagocyterer (et) mikroorganismar og er eit viktig førstelinjeforsvar mot bakteriar og sopp.

Det blir produsert cirka 1 million nøytrofile granulocyttar per sekund i kroppen. Dei blir frakta med blodet til dei stadene der det oppstår infeksjonar. Der angrip dei bakteriar og sopp som er merkte med antistoff eller komplement-proteinKomplementsystemet – celledød.Komplementsystemet er eit system av mange protein som saman med antistoff og fagocyttar bidreg i prosessen med å fjerne sjukdomsframkallande organismar. Proteina i komplementsystemet blir aktiverte i ein bestemt rekkjefølgje, mellom anna av visse antigen–antistoff-reaksjonar. Komplementsystemet forsterkar mange immunreaksjonar og blir nøye kontrollert av ei rekkje protein. Viss komplementsystemet blir aktivert på overflata av celler, for eksempel bakteriar eller raude blodceller, blir cellemembranen på denne staden øydelagd, og cella døyr..

Oppgåver
Relatert innhald