Fagstoff

T-lymfocyttar (T-celler)

Publisert: 18.02.2014, Oppdatert: 05.03.2017
HIV-virus fester seg til reseptorer på en T-lymfocytt (tegning)

T-cellene (T-lymfocyttane) styrer immunresponsen i kroppen og kan beskytte mot feil og infeksjonar inne i cellene i kroppen. Dei utgjer "kommandosentralen" som styrer heile immunsystemet og avgjer om ein immunrespons skal bli kraftig, moderat eller om immunsystemet skal dempast ned. I tillegg kan T-cellene drepe andre celler om nødvendig. Namnet T-celler kjem av at dei blir "modna" i thymus (også kalla brisselen), eit lite organ som sit øvst i brystkassen.

Image showing the thumbnail for content named \"Tillært immunforsvar\"Tillært immunforsvar.  

 

 T-celler går til angrep på virusinfisert celle.

 


 Video om celleutløst immunrespons.Celleutløyst immunrespons. Film med norsk tekst.  

 


 Tegning av Celleaktivert immunrespons hvor mange celletyper er involvert.T-celler er avhengige av B-celleaktivering. Makrofagar sluker patogen (gullovalar) og presenterer fragment frå dei (antigen) på overflata si. Antigenet blir kjent igjen av T-hjelparceller (lilla) som skil ut kjemikalium for å aktivere andre celler som B-celler (blå og piggete). B-celler deler seg og blir differensierte. Plasmacellene (store blå) produserer store mengder av antistoff (raude) som kjenner igjen antigenet. 

 

 

Ei B-celle må alltid ha "klarsignal" frå ei T-hjelparcelle for å blir aktivert. Det er først då B-cella kan formeire seg og starte antistoffproduksjon.

 


 Teikning av virusinfisert celle som skil ut interferon.I tillegg til den spesifikke immunresponsen frå T-dreparcella vil ei celle som blir infisert av virus, sørgje for ein uspesifikk respons ved å skilje ut interferon (ein type cytokin). Desse får naboceller til å starte produksjon av enzym som hindrar produksjon av virus.  

 

 
Kjemotaktiske protein trekkjer granulocyttar (eteceller) mot betennelsesstaden   

 


Animasjon av HIV-virus som formerer seg inne i T-lymfocytter.Animasjon som viser reproduksjon for blant anna HIV-virus.  

T-celler kan avsløre om ei celle er virusinfisert

Virusinfeksjonar må angripast på ein annan måte enn bakterieinfeksjonar. Virus trengjer inn i cellene i kroppen vår og kan på den måten gøyme seg for immunsystemet mens dei bruker cella til å produsere nye virus.

Tegneserie av tre trinn når celle presenterer antigen for T-drepercelle.Virusinfisert celle presenterer antigen på celleoverflata. T-dreparcella (også kalla T-angrepscella) identifiserer MHC-1 med antigen og drep cella.For å hindre at viruset formeirar seg, er det viktig at den infiserte cella varslar omgivnadene om angrepet. Det gjer ho ved å vise fram delar av viruset på overflata ved hjelp av eit protein som blir kalla MHC. Dermed kan T-dreparceller oppdage virusinfeksjonen og drepe cella.

På same vis kan T-celler avsløre om ei celle har ein feilfunksjon, for eksempel ved at ho deler seg ukontrollert (kreft).

  • T-celler kan ikkje kjenne igjen eit antigen direkte eller binde seg til frie antigen.
  • Ei infisert celle vil binde fragment av inntrengjaren til protein kalla MHC og presentere antigen for T-cellene på overflata si.
  • T-celler identifiserer berre antigen bundne til MHC.

 

T-celler regulerer immunapparatet

Somme typar T-celler har som oppgåve å regulere immunapparatet. T-hjelparceller hjelper til å auke immunresponsen ved ein infeksjon, mens T-regulatorar dempar uheldige immunresponsar slik at vi kan unngå allergi og autoimmunitet (angrep på eigen kropp).

Tegning av lymfocytter som registrerer og presenterer antigen.Ei B-celle oppdagar framand antigen ved hjelp av antistoff på overflata. Ho tek opp (fagocyterer) antigenet og presenterer det på overflata ved hjelp av MHC-2. T-cella oppdagar dette og stimulerer B-cella.B-cellene kan ikkje begynne å produsere antistoff mot eit antigen utan at dei får "klarsignal" frå ei T-hjelparcelle. Det skjer ved at B-cella presenterer antigenet for T-cella ved hjelp av MHC.

No kan T-hjelparceller oppdage viruset og aktiverer B-cella ved hjelp av signalstoff (cytokinarCytokinar (små peptidhormon) fungerer som signalmolekyl mellom celler. Dei blir produserte i mange typar celler, mellom anna i T-lymfocyttar og makrofagar.Cytokinar påverkar andre celler som har spesifikke reseptorar for cytokinar. Det er identifisert 25 ulike cytokinar (interferon og ineterleukinar). Dei verkar alltid over korte avstandar og blir ofte produserte som svar på ein infeksjon. Cytokinar stimulerer mellom anna produksjon og modning av lymfocyttar (B-celler og T-celler), men påverkar òg celletypar som makrofagar.). Cytokinar er signalstoff som stimulerer delinga av B-lymfocyttar og modning av plasmaceller og minneceller.

Signalstoff – cytokinar

Når vi har ein infeksjon ein stad i kroppen, blir mange delar av immunforsvaret aktivert. For å få til dette produserer cellene ein eigen type signalprotein som blir kalla cytokinar. Når ei T-hjelparcelle aktiverer ei B-celle, skjer det ved hjelp av cytokinar. Ei gruppe av cytokinane som blir kalla interferon, kan for eksempel stoppe proteinsyntesen i ei celle slik at virus ikkje kan formeire seg.

Immunofluorescent LM of active macrophagesMakrofagar har blitt aktiverte av ein bakteriell infeksjon og produserer cytokinar for å varsle andre celler. Den sentrale cella har fleire kjernar (blå). Makrofagar medverkar til å drepe framande mikroorganismar. Cytokinane er signalstoff som ikkje kan fraktast langt med blodstraumen eller andre kroppsvæsker. Dette gjer at effekten blir lokal. Ei anna gruppe signalstoff er kjemotaktiske protein. Desse blir skilte ut frå betennelsesstaden og trekkjer til seg cellene i immunapparatet.

HIV – AIDS

Bildeserie av virus som kommer ut gjennom overflaten til en celle.HIV-virus blir frigjorte frå ein T-lymfocytt.HIV er ein sjukdom som svekkjer immunsystemet i kroppen. Ved HIV-smitte blir T-hjelparcellene øydelagde, noko som kan føre til at immunapparatet i stor grad sluttar å verke viss ein ikkje får behandling. AIDS er namnet på sjukdommen som oppstår når immunsystemet sluttar å verke på grunn av ein HIV-infeksjon.

Oppgåver

Aktuelt stoff for