Fagstoff

Immunitet

Publisert: 18.02.2014, Oppdatert: 22.09.2017
Immunrespons: antistoff binder seg til influensavirus

Vi blir stadig utsette for smitte av ulike mikroorganismar. Det meste blir stoppa av det medfødde, uspesifikke forsvaret, men av og til trengjer mikroorganismar inn i kroppen slik at vi blir sjuke. Då vil det spesifikke, erverva forsvaret lære seg å kjenne igjen dette smittestoffet og gi oss immunitet etter første gongen vi blir smitta.

Bilde av en person påtegnet organer for immunsystemet.Organ som er viktige for immunforsvaret. 

Video om influensa 

Video om vaksiner 

Spill om å bekjempe sykdommer.Spel – nedkjemp sjukdommar.

Immunitet

Første gongen vi blir smitta av mikroorganismar som gjer oss sjuke, må immunsystemet aktiverast i ein komplisert prosess der både B-celler, T-celler og andre delar av immunforsvaret er med.

Det er viktig at immunsystemet ikkje blir "slått på" utan at det er behov for det, men når vi verkeleg treng ein immunrespons, må han vere effektiv. Når immunsystemet blir skikkeleg aktivert, får vi danna spesielle B-celler og T-celler som blir kalla minneceller.

Minneceller

Minnecellene gjer at immunsystemet kan reagere mykje raskare neste gong vi blir utsette for same smitten. Grunnen er at det blir mange fleire celler som "hugsar" smittestoffet. Dei kan danne antistoff så raskt at sjukdommen blir nedkjempa før vi blir ordentleg sjuke. Dette blir kalla å vere immun.

Graf som viser effekten av immunitet.I mmunresponsen kjem raskare, blir sterkare og gir mindre symptom ved gjenteken eksponering for same smitte.Dei fleste infeksjonssjukdommane får vi berre ein gong, men immuniteten er ikkje alltid livsvarig.
I mange tilfelle blir vi utsette for smitte så ofte at immuniteten likevel blir halden ved like livet ut.

Stadig nye virus

Vanleg forkjøling gir òg immunitet, men sidan forkjølingsvirus endrar seg heile tida, får vi ulike typar forkjølingar mange gonger gjennom livet. På same måte blir det kvart år danna nye typar influensavirus som gjer at vi kan bli sjuke sjølv om vi har hatt influensa tidlegare.

Immunsystemet vernar oss mot å få same sjukdom fleire gonger, men dersom virusa endrar seg nok, vil ikkje immunsystemet vere tilpassa dei nye utgåvene.

Relatert innhald

Aktuelt stoff