Fagstoff

Formeiring hos fuglar

Publisert: 05.02.2014, Oppdatert: 01.08.2017
Kopulasjon hos gråspurv

Dinosaurane døydde eigentleg aldri heilt ut, men lever den i dag i dag som fuglar. Fuglane, som altså er etterkommarar etter dinosaurane, har spreidd seg over heile jorda og viser eit stort mangfald av formeiringsstrategiar. Gjennom kompliserte paringsritual og ved å leggje ned mykje energi og tid i egglegging, ruging og yngelpleie sikrar dei at avkom og arten overlever.

Slik tror man dinosauren Bonitasaurus dinosaurs formerte seg og la egg i reir.Forfedrane til fuglane er dinosaurar som utvikla evna til å sveve.  

Dobbeltbekkasin hann som står å spiller.Dobbeltbekkasinar (Gallinago media) er polygame. Hannane samlar seg på eit lite område der dei viser seg fram for hoene. Hoene besøkjer området (leiken) og vel ein hann som dei parar seg med. Somme hannar kan få svært mange paringar, mens andre får få. 

Video: Paradisfugl forsøkjer å tiltrekkje seg hoer.

 

Ærfuglhanne i praktdrakt.Ærfuglhann i praktdrakt. 

Samling av fugleegg i CaliforniaFuglane har utvikla mange ulike variantar av egg. 

Polarsvømmesnipe (Phalaropus fulicaria) har omvendte kjønnsroller. Hunnen er den mest fargerike. Her er et par på tundra i Alaska, USA. Arktis, arktisk dyreliv.Polarsymjesnipa har omvende kjønnsroller. Det er hoa som i dei kraftige fargane sine kurtiserer og forsvarer territoriet, mens hannen rugar ut egga og matar ungane.

 

Eggets anatomi.      Eit egg har ytst eit skal som er forbausande sterkt, og som gir god mekanisk vern. Innanfor skalet er det fire hinner som vernar fosteret:plommesekkhinna som dekkjer plommesekkenurinsekkhinna som lager ein urinsekk der avfallsstoff frå fosteret blir samla oppfosterhinna som dannar ein væskefylt sekk rundt fosteretskallmembranen, som eigentleg består av to gjennomsiktige proteinmembranar, som dekkjer innsida av skalet og vernar mot bakteriar 

Kva særpregar fuglane?

Forfedrane til fuglane var dinosaurar som utvikla evna til å sveve. I dag er fuglane dei einaste virveldyra som kan bevege seg i lufta. Knoklane er hole, noko som minskar vekta. Eit system av luftsekker og ein svært hurtig hjarterytme sørgjer for effektiv gassutveksling og blodsirkulasjon. Som dyregruppe er fuglane ein evolusjonsmessig suksess. Dei har spreidd seg over hele jorda, tilpassa seg nesten alle miljøforhold og klarer å formeire seg effektivt nesten over alt. I dag er det det at menneska øydelegg naturlege habitat, som er den største trusselen mot fuglane.

Paring og paringsåtferd

Fuglane er særkjønna. Begge kjønn har kloakk, som er ei felles opning for kjønns- og ekskresjonsprodukt. Hoa har ein eggleiar og eggstokk på venstre side av kroppen, mens hannen har to testiklar og to sædleiarar som munnar ut i kloakkopninga. Når fuglane parar seg, blir kloakkopningane sette mot kvarandre og sædceller blir overførte til eggleiaren til hofuglen (kloakk-kyss).Bilde med påtegnet kjønnsorganer hos to pingviner som parer seg.Paring mellom fuglar.
Mange fuglar utfører kompliserte og spektakulære paringsritual før sjølve paringa skjer. Paringsåtferda kan omfatte endringar i fjørdrakt og fargar, song, spel, dans og rørsler både på bakken og i lufta. Paradisfuglane på Papua Ny-Guinea står i så måte i ei særstilling. Sjølv om det finst unntak, er det vanlegvis hannfuglen som utviklar dei mest praktfulle fargane og formene. Hoa parar seg med hannen som har den mest imponerande utsjånaden og den mest overtydande åtferda. Dermed blir det gena hans som blir førte vidare.

Kurtise mellom to knoppsvanerKurtise hos knoppsvaner. Knoppsvanene lever i monogame par. Somme fuglar er monogame og held saman heile livet, mens andre er polygame og skifter partnarar eller har fleire partnarar samtidig.


Egg og hekking 

Fuglane vidarefører måten krypdyra formeirar seg på, ved å leggje egg og har utvikla ei rekkje størrelsar, former og fargeteikningar på egget. Akkurat som hos krypdyra sørgjer egget for at fosteret får fukt under utviklinga.

Veverfugl med sitt unike reir som har gitt navnet til fuglen.Reir hos vevarfugl.Somme fuglar byggjer kunstnariske reir, mens andre legg egga direkte på underlaget. Hos den afrikanske strutsen, som har dei største fugleegga av alle, byggjer fleire hoer eit felles reir der dei legg egga sine. Polarlomvien hekkar i store koloniar på smale fjellhyller på Svalbard og andre stader i Arktis. Her er egga så koniske at når dei beveger seg, rullar dei i ein sirkel. På denne måten blir faren for at egga fell ned frå dei smale hyllene, redusert. Dette er berre to av ei lang rekkje tilpassingar som fuglane har utvikla for å sikre ei vellykka formeiring.

Blåmeis og kjøttmeis er to artar i nærmiljøet vårt som villig hekkar i fuglekassar. Desse to småfuglane har ofte to kull kvart år der dei kan få fram mellom åtte og ti ungar per kull. Ved å setje opp fuglekassar kan vi hjelpe desse fuglane med formeiringa.

Plansje som viser ulike reirtyper.Reirtypar. 

Yngelpleie hos rørsanger. Mor mater kyllingene.Yngelpleie hos røyrsongar.

Yngelpleie

Når fugleeggene klekkes, er ikkje ungene ferdig utviklet. Reir av lirype, (Lagopus lagopus) , nyklekte unger. Flakstadøy, LofotenHos lirypa er det høna som rugar, men både mor og far beskyttar og gir omsorg til dei nyklekte kyllingane.Hos artar som hekkar på bakken, kan ungane ofte bevege seg omkring like etter klekking. Hos andre er ungane så små og hjelpelause like etter klekking at dei må pleiast av foreldra i fleire veker før dei blir flygedyktige. I enkelte tilfelle er ungane saman med foreldra i eit år eller meir etter klekkinga.

Fuglane legg ned mykje tid og energi i yngelpleie. Ungane må matast heile døgnet, avfallsstoff må fjernast frå reiret, og reiret må vernast mot fiendar.

Oppgåver