Fagstoff

Findelt kost

Publisert: 29.01.2014, Oppdatert: 05.03.2017

kollasj med bilde av mat til findelt kosthold  

Blomkålsuppe. Foto.Blomkålsuppe 

bilde av Leverragu med brokkoli og potetmosLeverragu med brokkoli og potetmos bilde av en fiskepaiFiskepaiKjøttkaker med kålstuingKjøttkaker med kålstuing

Findelt kost brukes til

  • pasientar med dårlege tenner
  • pasientar med tyggjeproblem
  • pasientar med sår i munnhole og svelg (for eksempel kreftpasientar)

Hugs at ein må tilpasse den findelte kosten etter kva behov den enkelte pasienten har. Det er viktig å ikkje mose maten meir enn nødvendig. Findelt kost skal ha same næringsinnhaldet som kvardagskosten. Hugs at findelt og mosa mat har dårlegare næringsverdi enn mat som ikkje er like findelt og godt kokt. Det er viktig å servere findelt kost slik at utsjånaden og fargen stimulerer appetitten. Ein bør derfor mose ingrediensane kvar for seg. Bruk gjerne former når du legg opp maten. Ikkje mos alle ingrediensane saman, for då blir resultatet svært dårleg. 

For somme pasientar må all mat mosast. For andre pasientar kan det vere nok å servere maten med ekstra saus slik at dei kan mose maten sjølve.  I nokre tilfelle kan du godt servere brød utan skorpe, eller du kan bruke graut. Grønsakene må vere godt kokte. Pasienten kan anten mose desse sjølv eller få dei ferdig mosa. For å sikre at pasientane får nok energi kan ein tilsetje fløte, smør, egg eller rømme i grønsakene. Server aldri heilt kjøtt.  Kjøttkaker kan du for eksempel enkelt mose med gaffel, men heilt kjøtt må du mose i ein miksar. Det same gjeld for fiskemat.

Så det aller viktigaste: Gjer maten så delikat som mogleg, og bruk gjerne former. Bruk òg gjerne pynt i tillegg. Viss pasienten ikkje ønskjer å ete pynten, kan han eller ho leggje han til side. Sjå gjerne på bilete frå restaurantar for å få inspirasjon.

Menyforslag, flytende kost:

 Frukost 

 Mellommåltid

  Lunsj

4 halve skiver brød:
  • plantemargarin
  • 1 med smørjeost
  • 2 med leverpostei
  • 1 med syltetøy
1 glas lettmjølk
1 glas juice
Kaffi/te

1 fruktyoghurt eller
1 smoothie

2,5 dl blomkålsuppe

2 halve skiver brød:
  • plantemargarin
  • 1 med smørjeost
  • 1 med leverpostei
1 glas lettmjølk

 Middag    

 Kaffi/te  

  Kvelds

2 moste poteter
150 g mosa grønsaker
100 g mosa fisk eller kjøtt
Rikeleg med saus
Karamellpudding

Kaffi/te
Formkake

4 halve skiver brød:

  • plantemargarin
  • 2 med fiskepudding
  • 1 med smørjeost
  • 1 med syltetøy/banan
1 glas lettmjølk
Kaffi/te

 bilde av kostsirkelenKostsirkel 

Oppgåver

Aktuelt stoff for

Relatert innhald

Aktuelt stoff